Hopp til innhald

  1. Home
  2. Bygg- og anleggsteknikkChevronRight
  3. YrkesutøvingChevronRight
  4. BetongarbeidarenChevronRight
  5. Forskaling av fundamentChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Forskaling av fundament

Fundamentet er den nedste delen av grunnmuren. Det er også litt breiare enn resten av muren, for at grunnen betre skal bere vekta eller lastene av det som skal byggjast.

Skisse av forskaling. Illustrasjon.
Fundamentforskaling

Læringsmål

Å få innsikt i korleis du går fram når du skal forskale eit fundament.

Fundament

Fundamentet ligg under bakken og skal bere vekta av bygninga. Det er viktig at fundamentet blir riktig plassert. Vi byrjar derfor med å setje opp salingar før vi byggjer forskalingskassettane.

Forskaling for fundament er ei enkel forskaling som ikkje treng å vere heilt nøyaktig i forma. Det er fordi fundamentet blir liggjande under bakken når bygget er ferdig. Den blir heller ikkje utsett for store krefter frå betongen under støyping, fordi han er høvesvis låg.

Salingar

Først må vi sikre oss at forskalinga kjem på rett plass. Vi sett opp stolpar med avstiving litt utanfor der det skal byggjast. Dette kallar vi for salingar. Dei skal hjelpe til at fundamentet kjem nøyaktig der det skal vere.

Salingsbord

Mellom stolpane er det festa eit horisontalt (vassrett) bord (salingsbord), som har lik høgd rundt heile tomta. Dette gjer det lettare å sikre at høgda på det som skal støypast, også blir nøyaktig. Vi festar snorer eller ståltråd til salingsborda som viser kvar den innvendige forskalinga skal gå. Dette blir innerkanten av fundamentet når det er støypt.

Salingane kan samstundes hjelpe oss til å kontrollere at alle vinklane blir riktige, at forma på grunnmuren stemmer, og at ringmuren kjem på nøyaktig rett plass. At dette er nøyaktig, er avgjerande viktig for alt vi skal byggje oppå muren.

Tips

Vi bruker Pytagoras’ setning for å kontrollere vinklar og diagonalar.

Repeter fagstoff om Pytagoras på matematikksidene.

Oppgåver med fasit om Pytagoras si setning.

Forskaling

Her er arbeidet med forskaling av fundamentet i full gang. I dette tilfellet blir det brukt eigenproduserte kassettar av forskalingsfiner og 48 x 98 mm trelast. Snora som vart spend opp på salingsbordet, er no fjerna slik at ho ikkje kjem i vegen for arbeidet. Snora spenner vi opp igjen når det trengst, for kontrollmål.

Tips

  • Vi smørjer kassettane med formolje og reingjer dei etterpå, då kan dei brukas mange gonger.
  • Vi kan bruke dei same kassettane til forskaling av ringmuren som skal stå oppå fundamentet.

Sikring

Det er viktig å sikre forskalinga både i overkant og underkant. I dette tilfellet er det brukt bandjarn under og bord over for å sikre at ikkje pressar forskalingskassettane ut når vi fyller forskalinga med betong.

Video om forskaling av fundament med kassetter

Fundamentforskaling

Læringsressursar

Betongarbeidaren