Hopp til innhald

Bygg og anlegg

    Helse, miljø og sikkerheit

    Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er vesentleg for alle bedrifter, stor eller lita. Ein triveleg, trygg og sikker arbeidsplass er eit godt utgangspunkt for lønnsemd. Det er derfor ikkje noko motsetningsforhold mellom HMS og god lønnsemd.

    HMS for arbeidstakaren

    Arbeidsmiljølova og ulike forskrifter krev systematisk arbeid for å sikre helse, miljø og sikkerheit for arbeidstakarane. Ei vanleg samnemning for dette området er HMS – helse, miljø og sikkerheit.