Hopp til innhald

Bygg og anlegg

    Kommunikasjon

    Alle menneske har behov for kontakt med andre og for å dele tankar, erfaringar, følelsar og ønske. Denne kontakten og utveksling av informasjon kallar vi kommunikasjon. Dei som deltek i ein diskusjon, må samarbeide. Dei må vere ærlege med kvarandre og gjere sitt beste for å forstå kvarandre rett.

    Visuell kommunikasjon

    Visuell kommunikasjon er formidling av idéar og informasjon ved hjelp av bilete og synsinntrykk. Medviten bruk av bilete kan formidle ei stemning eller ein bodskap, eller dokumentere ei hending. I grafisk design bruker vi visuelle element, form, fargar og skrift i samspel med kvarandre.