Hopp til innhald

  1. Home
  2. Bygg- og anleggsteknikkChevronRight
  3. TeikningsforståingChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Teikningsforståing

Som regel visualiserer vi det uferdige produktet ved hjelp av bilete, anten i form av ein fysisk modell, i form av foto eller video eller i form av teikningar.

Fasadeteikningar av hus sett frå aust, sør og vest. Illustrasjon.

Dokumentere bygget sine eigenskapar og utforming

I tidlegare tider var produksjon i første rekkje eit spørsmål om å produsere eitt og eitt hus eller produkt. Handverkaren sin fagkunnskap og kompetanse sikra at produkta vart like nok.

I dagens samfunn der vi masseproduserer varer, og der automatiserte produksjonslinjer ofte er det utførande produksjonsleddet, kan vi ikkje utan vidare nytte den gamle handverkstradisjonen til produksjon. For å sikre ein jamn produktkvalitet og at funksjonelle eigenskapar og utforminga av produktet blir repetert, må vi i større grad dokumentere produktet sine eigenskapar og utforming. Ein del av denne dokumentasjonen vil vere i form av teikningar.

Kvifor visualisere ved hjelp av teikning?

Som regel visualiserer vi ved hjelp av bilete, anten i form av ein fysisk modell, i form av foto eller video eller i form av teikningar. Om produktet skal produserast, vil vi ha behov for ei meir nøyaktig beskriving av produktet enn kva eit bilete kan gi. Vi har behov for å angi dimensjonar og toleransar og å beskrive overflate osb. Dette blir spesielt viktig dersom fleire bedrifter skal produsere same produkt, eller om bedriftene skal produsere kvar sine enkeltelement som skal inngå i eit ferdig produkt.

I dagens globale produksjonsmiljø er vi etter kvart vane med at ein del av produktet produserast i eitt land, og at denne produktdelen så blir montert saman med andre produktdelar frå andre land. Det blir derfor veldig viktig at delane passar saman med slik nøyaktigheit som krevjast. Teikninger er her ei viktig informasjonskjelde. Det å kunne utvikle gode teikningar samt å kunne forstå dei, er derfor naudsynleg kunnskap.

Emne

Teikningsforståing

  • Teikneprogram

    For at vi skal kunne forstå og byggje maskindelar eller store byggkonstruksjonar, treng vi teikningar for samarbeid og deling i 2D- eller 3D-visningar.

Læringsressursar

Teikningsforståing