Hopp til innhald

  1. Home
  2. Bygg- og anleggsteknikkChevronRight
  3. OverflateteknikkChevronRight
  4. MålarenChevronRight
  5. FargelæreChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fargelære

Dei forskjellige fargane er lys med forskjellige bølgjelengder. Auga våre blir påverka av dette lyset, og i hjernen blir inntrykka omsette slik at vi kan oppfatte fargane. Vi blir dagleg påverka av fargeinntrykk. Når du har laga ei form, er det ikkje tilfeldig kva farge du vel.

Rader med fargeblyanter i 3D. Foto.

Når du vel fargar, bør du vere klar over og utnytte den verknaden ulike fargar har på menneske. Dei kan skape ro og harmoni, eller live opp og vekkje merksemd. Fargar kan også ha ein bodskap: Den varme krana har raudt merke, den kalde har blått.

Fargesamansetjing

Omgivnadene der gjenstanden skal plasserast eller brukast, vil ha mykje å seie for kva farge du vel. Vepsen er svart og gul og godt synleg i naturen. Markeringsskilt som fortel kvar vegen går, er svarte og gule av same grunn. Og kva farge har fareskilta i trafikken? Det er alltid ein grunn til fargeval. God fargeforståing er viktig i mange samanhengar. Gjennom kunnskap kan vi lære oss å bli flinke til å setje saman fargar. Erfaring og kjensler vil òg ha stor innverknad.

Når vi skal velje kva fargar som skal setjast saman, er det to viktige stikkord: kontrast og harmoni. Kontrast vil seie at fargane er motsette til kvarandre. Nokre av dei største kontrastane vi har, er komplementærkontrasten som raud og grøn, gul og lilla eller oransje og blå. I Ittens fargesirkel står desse overfor kvarandre. Harmoni vil seie at fargane passar godt saman, og at det ikkje er store kontrastar. For å få til harmoni er det for eksempel vanleg å bruke valørar, som ulike blåtonar saman.

Ittens fargelære

Johannes Itten (1888–1967) var lærar og målar. Han utvikla ein fargesirkel som endra synet på fargar. Han la kjensle og psykologi inn i fargane. Fargelæra hans har hatt og har framleis stor innverknad på målarar og designarar.

Ittens fargesirkel er delt opp i:

  • 3 primærfargar: raud, gul og blå
  • 3 sekundærfargar: oransje, grønn og fiolett, som er blandingar av to primærfargar
  • 6 tertiærfargar: blanding av ein primærfarge og ein sekundærfarge, som guloransje og blågrønn
Ittens fargesirkel. Grafisk.
Ittens fargesirkel

Primærfargane plasserte han i ein trekant, med sekundærfargane som trekantar utanfor desse igjen, slik at dei saman dannar ein sekskant. Rundt sekskanten kjem så fargesirkelen som syner primærfargane og sekundærfargane med tertiærfargane imellom.

Itten utvikla også ei harmoni- og konstrastlære, som eit system for fargekomposisjon. Presentasjonen nedanfor forklarer konstrasttypane nærmare.

NCS-systemet (Natural Color System)

NCS-systemet. Fargekoder for gul, rød, blå, grønn i sirkel.Illustrasjon.
NCS-systemet

NCS er eit svensk system som no er norsk standard og den leiande fargekodinga i Europa. Det er eit logisk fargesystem som byggjer på korleis vi menneske ser fargar. Alle overflatefargar kan definerast med ein NCS-kode som er eintydig. Kodane er baserte på kor mykje det er av fire kulørte fargar (gult, raudt, blått og grønt) og to ukulørte fargar (svart og kvitt) i ein farge.

Eksempel:

Du har ein fargekode der det står S 2030 - Y30R. Det vil seie:

  • 2030 tyder 20 % svart maling og 30 % kulørfarge (dvs. 50 % kvit)
  • Y30R btyder at kulørfargen er gul (Y) med 30 % raudt (R) (dvs. 70 % gult)
  • S framfor koden tyder at koden er gjeldande standard

For ei grundigare gjennomgang: Det naturlige fargesystemet (ppt)

Filer

Det additive og det subtraktive systemet

CMYK-systemet. Illustrasjon.
Når alle fargene i CMYK-systemet blandes, blir resultatet svart.

Det additive systemet og det subtraktive systemet er to motsette fargemodellar som baserer seg på anten pigmentfargar eller lysfargar. Systema har namn etter fargane dei bruker som hovudfargar.

Det subtraktive systemet – CMYK

CMYK-systemet (Cyan-Magenta-Yellow-blacK – eller K for Key colour) representerer pigmentfargane. Cyan er ein lys blå farge og magenta ein skarp rosa.

Subtrahere tyder å trekkje frå. I dette systemet vil det seie at lysrefleksjonen blir mindre når faste fargestoff blir blanda, vi «tek ut lys». Ved blanding av alle hovudfargane får vi då svart. Dette systemtet blir spesielt brukt ved fargar på trykk.

Det additive systemet – RGB

RGB (Red-Green-Blue) representerer lysfargane. Addere tyder å leggje til. I dette systemet vil det seie å «leggje til lys». Ved blanding av alle tre hovudfargane blir lyset kvitt. Dette systemet blir brukt til skjermfargar (for eksempel på fjernsynsskjermen) og i lyssetjing av alle slag.

Læringsressursar

Målaren

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs