1. Home
  2. Bygg- og anleggsteknikkChevronRight
  3. OverflateteknikkChevronRight
  4. MålarenChevronRight
  5. Form og fargeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Form og farge

I det menneskeskapte vi omgir oss med, er det vi som styrer det visuelle uttrykket anten det eit byggverk, eit smykke eller eit verktøy. Både form og farge høyrer til under omgrepet design. Vi veit alle kor viktig form og farge er for at eit produkt slår igjennom og blir ein suksess.

Mann i bar overkropp med tatoveringar heklar ein fargerik lapp. Foto.

Vi må tenkje gjennom korleis vi bruker form og fargar i heile prosessen frå idé til ferdig produkt. Kva for formelement og fargar vi vel, bør passe til produktet og brukargruppa. Viss du ikkje er trygg på kva slags val som er dei beste, er det lurt å prøve ut ulike løysingar. Hanken på ein kaffikopp kan godt vere originalt utforma, men han skal òg vere funksjonell og gi godt grep, balansere tyngda og så vidare.

Vi må kunne noko om korleis farge og form verkar på oss for å utvikle gode produkt. Da er det ein stor fordel å kjenne til teoriane og kunne bruke ulike verkemiddel. Slik kunnskap og erfaring får du ved å øve deg og eksperimentere med formuttrykk og fargesamansetjingar.

Læringsressursar

Målaren

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs