Hopp til innhald

  1. Home
  2. Bygg- og anleggsteknikkChevronRight
  3. YrkesutøvingChevronRight
  4. MålarenChevronRight
  5. GolvbeleggChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Golvbelegg

Golvleggjaren jobbar mest med halvharde belegg som vinylbelegg og linoleumsbelegg. Golvleggjaren jobbar også med harde belegg som blir påførte i flytande form på industrigolv o.l.

Homogen vinyl

Homogen vinyl har same farge og mønster gjennom heile tjukkleiken av belegget. Stein og kritmjøl blir brukt som fyllstoff. Råvarene blir blanda saman. Homogen vinyl kjem vanlegvis i 2 mm tjukkleik. Rullane er 2 meter breie. Mange belegg blir leverte med ei topphinne av PUR (polyuretan). Det er ein herdeplast som bir påført golvbelegg i ei ekstremt tynn hinne.

Laminert vinyl

Belegget er delt inn i fleire lag som har ulike eigenskapar.

  • Slitelag er ei overflate som kan bestå av PVC eller kork.
  • Mellomlag kan bestå av PVC, pigment, fyllstoff og mjuknar.
  • Berelag kan bestå av polyesterfilt eller skumplast.

Linoleum

Linoleum blir laga med dei organiske råmateriala linolje, harpiks, tremjøl, kork, jutevev, pigment og sikkativ (tørrestoff). Vi har no ein linoleum som har den same overflata som vinylbelegget, med PUR overflate. Det gjer linoleum meir motstandsdyktig mot slitasje, og lettar reingjeringa. Linoleum er miljøvenleg fordi det i hovudsak blir laga av naturlege råstoff. Det gir inga misfarging frå gummi, asfalt, skokrem etc. Det gir ikkje frå seg avgassing, eller giftige gassar ved brann. Skadar i overflata kan rubbast bort.

Læringsressursar

Målaren