Hopp til innhald

  1. Home
  2. Bygg- og anleggsteknikkChevronRight
  3. OverflateteknikkChevronRight
  4. MålarenChevronRight
  5. Øving for målerenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Øving for måleren

Øv deg på måling av panel. Her finn du film og tekst som viser førebuing, utstyr og korleis du går fram.

Maling av panel

Måling av panel

Vi behandlar ofte både nytt og tidlegare behandla panel. Her er det mange overflatebehandlingar som kan utførast. Vi tar her for oss eit målingssystem for nytt panel.

Førebuing

Vi startar med å slipe lett over panelet med eit finkorna papir (150–180) i lengderetninga av treet. Fjern kvaelommer, og ha på kvistlakk 2 gonger over alle kvistar og restar etter kvaelommer.

Grunning

Så har vi på eit strok med grunningsmåling. Dei fleste leverandørar har eigne grunningar for dør, list og panel. Til påføring bruker vi pensel, eller pensel og rull. Rullen må vere av god kvalitet og laga for bruk på . Vi etterstryk med pensel. Vi bruker ein flat pensel frå 45 til 120 mm. Vi flikksparklar med ein eigna akrylsparkel, denne tørkar raskt. Vi flikksparklar spikar, kvistsprekkar og sår på panelet.

1. strok

Så påfører vi 1. stroket med ei akrylmåling eller ei vasstynnbar alkydmåling for panel. Dette stroket kallar vi også mellomstroket. Vi etterstryk med ein etterstrykar, enten vi har påført målinga med ein rull, eller ein flatpensel. Det viktig å følgje tilrådinga frå produsenten på tørketid mellom stroka, slik at vi ikkje får .

2. strok

Når 1. stroket er tørka, påfører vi 2. stroket, også kalt toppstroket. Vi sliper mellom alle behandlingane, unntatt kvistlakkinga. Det er viktig å tørke av støvet etter sliping. Mål 2 til 4 panellengder i gangen avhengig av tørken i rommet, slik at vi ikkje får skøytar på målingsfilmen. Bruk penslar og etterstrykar med kunstfiberbust .

Tips

Denne framgangsmåten gjeld også ved måling av dør, dørkarmar, fotlister og anna nytt innvendig treverk som skal ha ein fin utsjånad. Val av glans er ein smakssak, men han bør vere over 15g. Ver klar over at ei akrylmåling kan ha ein limeffekt mellom not og fjør på panel. Sjølve panelet kan då sprekke ved opptørking. Panelet bør derfor vere tørt. Det vil seie at det ikkje skal ha meir enn 15 % fukt ved måling.

Video om måling av panel frå YouTube

Læringsressursar

Målaren