Hopp til innhald

  1. Home
  2. Bygg- og anleggsteknikkChevronRight
  3. OverflateteknikkChevronRight
  4. MålarenChevronRight
  5. Måling av gipsveggarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Måling av gipsveggar

Det er mange leverandørar av måling til gipsplater på marknaden, så når vi vel målingssystem, må vi tenkje på kva rommet skal brukast til, og kva krav det er til å kunne vaske flatene.

Maling av gipsplater

Rull og måling

  • Når vi målar rett på gipsplata, bruker vi ein rull med korte fibrar. Vi bruker fin rull til slette overflater.
  • Når vi målar litt grovare overflater som overmålbar tapet med litt struktur, eller pussa flater, er ein rull med lengre fibrar å tilrå. Vi bruker grov rull til grove flater.
  • Når vi målar gipsplater eller overmålbar tapet, så bruker vi ei plastmåling som lateks eller akrylmåling for platevegg. Val av glans er ein smakssak, men glans har noko å seie for kor lett det er å vaske og kor lett flekkar set seg. Matte flater er vanskelegare å reingjere utan å få skjoldar, og flekkar/avtrykk set seg lettare. Vi reknar 02g til 07g som ei matt flate. Vi har i dag matte målingar som kan vere vaskbare frå enkelte produsentar.
2 maleruller fin og grov. Foto.
Målerullar fin og grov

Måling

Vi startar med å måle rundt tak og fotlister, og i tillegg vindauge og dører på den veggen vi skal måle. Når vi påfører målinga på vegg, startar vi med å rulle målinga ned på skrå. Så rullar vi målinga jamt over flata tilbake over skråen. Skråen er eit lite målingslager på veggen. Vi rullar så tilbake den vegen vi kom, det kallar vi å slette. Ved å ha minst mogleg trykk på den sida av rullen som forlèt den ferdige flata, forhindrar vi rullegater. Vi passar på å rulle så tett inn til listverk som mogleg, for å få lik målingsstruktur tett inn mot listverket.

Læringsressursar

Målaren

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs