Hopp til innhald

  1. Home
  2. Bygg- og anleggsteknikkChevronRight
  3. OverflateteknikkChevronRight
  4. MålarenChevronRight
  5. HMS for målarenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

HMS for målaren

Ein målar arbeider ofte i høgda. Arbeid i høgda fører alltid med seg ein risiko og krev gode HMS-rutinar. Det same gjeld for nokre målingar og lim som er helsefarlege på grunn av dampen frå løysemiddel. Når overflater blir slipte, blir det ofte utvikla støv som kan vere irriterande og helsefarleg.

Støvmaske, stålbørst og skrape i gardintrapp. Foto.

Stoff/støv

Målarfaget har gått gjennom ei stor utvikling når det gjeld kjemikaliar i måling og lim. No er dei fleste produkt som blir brukte, ufarlege. Det finst framleis ein del stoff i enkelte typar måling og lim som er skadelege ved innanding og hudkontakt. Det er då viktig med god lufting og bruk av gassmasker og arbeidshanskar. I tillegg kan det bli mykje støv i samband med sliping av sparkel og andre overflater. Då er det viktig å bruke støvmaske.

Høgd

Ofte skal det målast veggar som er så høge at vi ikkje når opp frå golvet eller bakken. Då bruker vi gardintrapper, stillas, stigar og ulike arbeidsbukkar. Ved alt arbeid i høgda er det fare for å falle ned eller at ting fell ned på deg. Det er derfor viktig å følgje reglar for sikkerheit, og å bruke verneutstyr som hjelm og fallsikring.

Byggjeplass

Målaren jobbar ofte på byggjeplass saman med andre fagarbeidarar og er då underlagd dei reglane for bruk av verneutstyr som gjeld for alle på byggjeplassen. Det er då vanleg at alle skal bruke hjelm, vernesko, synlege arbeidsklede og vernebriller.

Læringsressursar

Målaren