1. Home
  2. Bygg- og anleggsteknikkChevronRight
  3. ByggteknikkChevronRight
  4. TømrarenChevronRight
  5. Vedlikehald av motorsagChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Vedlikehald av motorsag

Dersom du passar godt på motorsaga, har du ho lenge, og ho fungerer betre. Her kan du sjå dei viktigaste punkta i det jamlege vedlikehaldet og ettersynet av motorsaga.

Historia til motorsaga

Ønsket om å sleppa det harde manuelle hogstarbeidet, og å auka produksjonen for kvar skogsarbeidar, var drivkrafta bak utviklinga av motorsaga. Mange ulike, og meir eller mindre vellykka, utgåver dukka opp på starten av 1900-talet. Dei første nokolunde brukbare sagene vart laga av dei tyske firmaa Dolmar og Stihl rundt 1930. Dolmar kom i 1927 med det som truleg er den første berbare motorsaga i verda. Fram mot ca. 1950 var det tomannssager som dominerte. Den første brukbare einmannssaga vart laga av norske JOBU med JOBU Senior (ca. 18 kg) i 1948. Ho vart etterfølgd av JOBU Junior (ca. 11 kg) i 1951, og var den saga som verkeleg opna vegen inn i dei djupe skogane for motorsaga. Dei nordiske og tyske produsentane har heile tida vore langt framme når det gjeld å utvikla motorsaga. Lettare, sterkare og sikrare er stikkord som skildrar utviklinga dei siste 50 åra.

Moderne motorsag

Ei moderne motorsag berekna for profesjonell bruk veg ca. 5–6,5 kg. Motorstorleiken er 50–60 cm3. Til mindre krevjande arbeidsoppgåver kan du velja ei noko mindre og lettare sag.

Gammel og ny motorsag. Foto

Motorsaga revolusjonerte skogsarbeidet frå rundt 1950 på same måten som hogstmaskinene gjorde det frå rundt 1980. Framleis vert motorsaga brukt til ulike arbeidsoppgåver, både av den profesjonelle skogsarbeidaren og av gardbrukaren. Det er også mange som bruker motorsaga til vedhogst og anna småarbeid.

Hugselappen

  • Motorsaga kom ca. 1950.
  • Motorsaga førte til mindre hardt manuelt arbeid.
  • Ei moderne sag veg omtrent fem kg.
  • Bruk alltid det føreskrivne verneutstyret!
  • Bli kjend med saga.
  • Ver nøye med vedlikehaldet.
  • Lær deg å bruka motorsaga på ein trygg og sikker måte.

Læringsressursar

Tømraren

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Ekstern læringsressurs

  • ExternalLearningResourceEksterne ressurser

    Lavenergiprogrammet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for ekstern læringsressurs.