Hopp til innhald

  1. Home
  2. Bygg- og anleggsteknikkChevronRight
  3. HMSChevronRight
  4. HMT-arbeid og internkontrollChevronRight
SubjectEmne

EMNE

HMT-arbeid og internkontroll

Arbeidsmiljølova og ulike forskrifter krev systematisk arbeid for å sikre helse, miljø og tryggleik for arbeidstakarane. Ei vanleg samnemning for dette området er HMT – helse, miljø og tryggleik.

Smilende mennesker står i sirkel, holder om hverandre og kikker ned mot kamera. Foto.
Glade kollegaer

Systematisk HMT-arbeid

Helse, miljø og tryggleik (HMT) står sentralt i å skape eit godt arbeidsmiljø.

Systematisk HMS-arbeid vil seie at arbeidsgivaren skal fastsetje mål for helse, miljø og tryggleik, kartleggje farar og problem og planfast arbeide for førebygging og oppfølging av sjukefråvær.

Krava til systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid finn vi i arbeidsmiljølova § 3-1.

«For å sikre at hensynet til arbeidstakers helse, miljø og sikkerhet blir ivaretatt, skal arbeidsgiver sørge for at det utføres systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid på alle plan i virksomheten. Dette skal gjøres i samarbeid med arbeidstakerne og deres tillitsvalgte.»

Internkontroll

Formålet med internkontroll er få i gang forbetringsarbeid i verksemda (bedrifta) når det gjeld arbeidsmiljø og tryggleik, førebygging av helseskade eller miljøskade frå produkt eller forbrukartenester, vern av det ytre miljøet mot forureining og betre handtering av avfall.

Setje i verk

  • ta initiativ til arbeidet
  • informere og motivere
  • setje mål og definere ansvar og rettar
  • organisere og planleggje innføringa

Kartleggje

  • skaffe oversikt over aktuelle lover og forskrifter
  • kartleggje eksisterande rutinar for helse, miljø og tryggleik
  • systematisere og oppbevare dokument
  • kartleggje problemområde

Planleggje og prioritere

  • planleggje og prioritere tiltak
  • lage handlingsplan for gjennomføring

Følge opp

  • gjennomføre tiltak
  • rette opp feil og manglar
  • gjere forbetringsarbeidet til ein naturleg del av den daglege drifta
  • gjennomgå med jamne mellomrom

Arbeidstilsynet

Korleis skal vi kome i gang med helse-, miljø- og sikringsarbeidet? Og korleis kan vi kontrollere at lover og forskrifter på HMT-området blir følgde?

Arbeidstilsynet skal informere og rettleie om krava i forskriftene og prinsippa for det systematiske helse-, miljø- og tryggleiksarbeidet. På heimesidene til Arbeidstilsynet er det oversyn over brosjyrar, skjema, regelverk og anna nyttig informasjonsmateriell.

http://www.arbeidstilsynet.no.

Læringsressursar

HMT-arbeid og internkontroll