Hopp til innhald

  1. Home
  2. Bygg- og anleggsteknikkChevronRight
  3. HMSChevronRight
SubjectEmne

EMNE

HMS

For å sikre gode og trygge arbeidsplassar er det ulike lover og reglar som gjeld. Ein fagarbeidar jobbar etter desse kvar dag.

Fotokollasje for felles HMS ressurs. Foto.
HMS

HMS og internkontrollforskriften

HMS står for helse, miljø- og tryggleik, og internkontroll er bedriften sitt eige kontrollsystem for å følgje opp regelverket. Det er "internkontrollforskriften" (Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetssarbeid i virksomheter) som regulerer dette arbeidet.

Systematikk

Arbeidsgivar pliktar å sørgje for systematisk oppfølging av krav regelverket stiller til HMS, i si bedrift, og det skal gjerast i samarbeid med arbeidstakarane. Det er også verneombod på alle store arbeidsplassar som har som oppgåve å bidra til at arbeidstakarane har eit trygt arbeid å gå til.

Førebygge

Føremålet med systemet er å sikre at ulike problem og ulykker blir førebygde, slik at skade ikkje skjer. Det kan gjelde alt frå riktige hjelpemiddel for å unngå tunge løft, til arbeidstid, elektriske installasjonar, rømmingsvegar eller glatte golv. Det kan også dreie seg om farleg avfall og bruk av verneutstyr.

Det er ditt ansvar å bruke verneutstyr, men det er arbeidsgivaren sitt ansvar å ha rett verneutstyr tilgjengeleg.

HMS er også å bidra til eit godt arbeidsmiljø og å unngå konfliktar på jobb. Dårleg arbeidsmiljø kan gå utover helsa til den einskilde og kvaliteten på arbeidet som skal gjerast.

Kjelde: Udir

Emner

HMS

  • HMT-arbeid og internkontroll

    Arbeidsmiljølova og ulike forskrifter krev systematisk arbeid for å sikre helse, miljø og tryggleik for arbeidstakarane. Lær meir her.