Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. Kommunikasjon og medieuttrykkChevronRight
  4. Analyse av medieuttrykkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Veiviseren (Ofelaš)

Filmen Veiviseren (samisk tittel Ofelaš) utgangspunkt i ei gamal samisk segn frå 1200-talet, og gir eit innblikk i sentrale verdiar i samisk kultur og religion. Filmen er blitt omtalt som ein norsk westernfilm.

Ein norsk-samisk spelefilm

Filmen Veiviseren (samisk tittel Ofelaš) er ein av få norske spelefilmar som har oppnådd å bli nominert til Oscar-prisen som beste framandspråklege film. Manusforfattar og regissør er Nils Gaup. Han har seinare regissert spelefilmen Kautokeino-opprøret som også er basert på viktige hendingar i samisk historie.

I Veiviseren tar Gaup utgangspunkt i ei gamal samisk segn frå 1200-talet. Ein same blir teken til fange av ein karelsk røvarbande (tsjudane). Valet står mellom å bli drepen eller svike sitt eige folk. Men den samiske vegvisaren klarer med kløkt å føre angriparane utfor eit stup. Slik reddar han folket sitt frå ytre fiendar som vil plyndre og drepe dei.

Filmen gir eit innblikk i sentrale verdiar i samisk kultur og religion, der mennesket er ein del av ein større fellesskap som omfattar alt som lever og gror. Ved hjelp av biletutsnitt, klipperytme, lyd og musikk blir det skapt ei lyrisk stemning som strekar under det tette bandet mellom menneska og den naturen dei er ein del av.

Politiske undertonar

Bakteppet for filmen Veiviseren er samane sin kamp for å ta vare på eigen kultur og retten til tradisjonelle samiske beiteområde. Denne kampen toppa seg på slutten av 1970-talet då samar og naturvernaktivistar greip til sivil ulydnad for å hindre utbygginga av Alta–Kautokeino-vassdraget. Filmregissør Nils Gaup deltok sjølv aktivt i desse aksjonane.

Sjølv om aktivistane tapte kampen om Alta-utbygginga, førte konflikten til eit sterkare medvit om den kulturelle identiteten og rettane til utbefolkninga, både blant samane sjølve og i det norske storsamfunnet.

Noaiden som vegvisar

I filmen møter vi ei lita gruppe med samar som lever eit tradisjonelt nomadeliv med jakt, fiske og reindrift på Finnmarksvidda. Livet er tilsynelatande sorglaust. Men fleire teikn i naturen tyder på at det er fare på ferde. I tillegg er gruppa splitta av indre motsetnader.

I samisk folketradisjon blei den religiøse leiaren, noai´di eller noaide på norsk, tillagt magiske evner. Ein noaide var ein vegvisar for den gruppa han var leiar for.

I filmen er det i utgangspunktet karakteren Raste som har rolla som vegvisar. Etter kvart blir oppgåva overført til ungguten Aigin som blir sett på den største av alle prøver: valet mellom å redde seg sjølv eller ofre livet for dei andre. I løpet av filmen utviklar Aigin seg frå å vere ein hjelpelaus unggut til å bli ein vaksen leiarfigur.

Ein "northernfilm"

Dramaturgien i Veiviseren følgjer den klassiske Hollywood-modellen. Personar og konfliktar blir presenterte i introduksjonen. Deretter blir konfliktane trappa opp mot eit tydeleg klimaks, før spenninga blir avløyst, og det heile sluttar med "happy ending".

Filmen er blitt omtalt som ein norsk westernfilm. Nokre bruker sjangernemninga "northernfilm". Dei klassiske amerikanske westernfilmane går gjerne føre seg i små, isolerte samfunn med eit avgrensa persongalleri. Karakterane blir ofte skildra som gode eller vonde. Helten blir utsett for mange prøvingar før skurkane blir nedkjempa. Så er freden gjenoppretta, og helten kan ri inn i solnedgangen.

Som mange andre westernfilmar inneheld også Veiviseren ei parallell kjærleikshistorie der dei to elskande etter mange prøvingar får kvarandre til slutt.

Om filmen Veiviseren (Ofelaš) 1987

  • Manus og regi: Nils Gaup
  • Produsent: John M. Jacobsen
  • Varigheit: 1 t 26 min
  • Skodespelarar: Mikkel Gaup, Nils Utsi, Nils-Aslak Valkeapää, Helgi Skúlason, Svein Scharffenberg, Henrik H. Buljo, Ailu Gaup, Ingvald Guttorm, Amund Johnskareng, Svein Birger Olsen

Filmstudieark Veiviseren

Læringsressursar

Analyse av medieuttrykk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Symbol

  • SubjectMaterialFagstoff

    Filmmusikk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Karakterutvikling på film

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Samane – eit urfolk i nord

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ritual og materielle uttrykk i tradisjonell samisk religion

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale