Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. Kva er ein sjanger?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva er ein sjanger?

Når du skal setje saman eit medieuttrykk, finst det reglar eller forventningar du må forholde deg til dersom bodskapen din skal kommunisere med mottakaren. Ein sjanger er ein medietekst som byggjer på ein sosial konvensjon, ein slags avtale mellom avsendar og mottakar.

Kollasj: sjanger

Kva er ein sjanger?

Omgrepet sjanger har fransk opphav og tyder slekt eller art. Fellestrekk mellom medieuttrykk gjer at du som mottakar har dei same forventningane til tekstar som liknar kvarandre. Når vi skal bestemme kva sjanger eit medieuttrykk høyrer til, tek vi derfor utgangspunkt i nokre kjenneteikn eller sjangertrekk. Det kan dreie seg om:

  • innhald/tematikk
  • spesielle trekk ved formgiving og komposisjon
  • relasjon til verkelegheita
  • føremålet med medieuttrykket
Plakat med kvinne som klamrar seg til tittelen Escape. Nedst står teksten from Calvin Klien. Fotografi.
Eksempel på ein anti-reklameplakat (adbuster) som speler på eit kjent reklameuttrykk.

Sjangertrekk

Ser du nøyare på reklameplakaten ovanfor, oppdagar du at dette ikkje er ein heilt vanleg reklameplakat. Det er ein anti-reklame, også kalt adbuster. Her er idé, komposisjon og estetikk brukt som verkemiddel for å få deg til å tru at det er reklame, men bodskapen er ikkje «løp og kjøp», det er heller «lat vere å kjøpe». Lån av sjangertrekk frå reklameplakatar blir brukt av Adbusters, som er ein ideell organisasjon som er mot kommersialisering.

Nettopp fordi dette ikkje er ein reklameplakat, er det enkelt å sjå kva som er sjangertrekk lånt frå reklameplakatar:

  • eit visuelt uttrykk der biletet er eit sentralt element
  • komposisjonen av element fokusert rundt ein idé
  • heilskapleg estetikk – i dette tilfellet vil det seie at formgiving av idéen gjennom bruk av bilete og skifttypar står i stil med logoen
  • ståande format som kan passe inn i magasin og på stoppestader for kollektivtransport

Sosiale konvensjonar

Det er ikkje tilfeldig at eit medieuttrykk blir som det blir. Både avsendaren og mottakaren veit kva forventningar, eller sosiale konvensjonar, som gjeld for ein bestemt sjanger. Vi forventar at ein kriminalroman handlar om brotsverk, offer, skurkar og etterforskarar. Dei fleste av oss ville bli nokså lange i maska dersom saka ikkje blir løyst før boka er slutt. På same måten forventar vi at nyheitsopplesaren på radio framfører meldingane på ein sakleg og seriøs måte.

Eit medvite forhold til sjangerkonvensjonar er viktig både for dei som produserer eit medieuttrykk, og for den som tek imot og tolkar uttrykket. Mange medieuttrykk signaliserer tydeleg kva sjanger dei høyrer til. Kronikkar, kommentarar og lesarinnlegg i aviser er som oftast merkte, slik at vi som lesarar kan ha i mente at dette er subjektive meiningsytringar, ikkje objektive skildringar av fakta. Det styrer måten vi les teksten på.

I spelefilmar gir anslaget ein peikepinn om kva slags film det er vi ser på. Vi får eit frampeik på kva konflikten dreier seg om, og vi blir presenterte for hovudkarakterane i filmen. Etter fem minutt veit dei fleste av oss om vi ser på ein science fiction-film, eller ein god, gammaldags westernfilm, og vi innrettar forventningane våre etter det.

Læringsressursar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale