1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. Idéskaping og mediedesignChevronRight
  4. Grafisk designChevronRight
  5. FargelæreChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fargelære

Fargar appellerer til sansane våre og har stor påverknadskraft. Nokre gonger er det rett å bruke ein intens raudfarge, mens andre gonger bør han vere meir dempa. Nokre gonger er det rett å lage dynamiske design med store fargekontrastar, mens andre gonger er det meir rett med harmoniske design med små kontrastar.

Infinity Mirrored Room-Hymn of Life er et fargerikt kunstverk laget av Yayoi Kusama. Fotografi
Infinity Mirrored Room-Hymn of Life er eit fargerikt kunstverk laga av kunstnaren Yayoi Kusama.

Når du skal jobbe med grafiske design, bør du ha kjennskap til grunnleggjande fargelære, fargesymbolikk og fargekontrastar. Fargar blir nemleg opplevde ulikt ut frå korleis fargane er sette saman, og den samanhengen dei er brukte i. Derfor må du lære å ta medvitne val slik at designet kommuniserer og appellerer til målgruppa.

Det additive fargesystemet

Når du jobbar skjermbasert, bruker du RGB-fargar. RGB er eit fargerom som høyrer til det additive fargesystemet. Bokstavane i fargesystemet RGB står for bokstavane red, green, blue. Dette er primær-/grunnfargane i fargerommet RGB. Fargar blir skapte ved å leggje saman (addere) fargar.

Når RGB-fargane blir lagde oppå kvarandre med full styrke, vil vi til slutt få fargen kvit. For å få svart tek du bort fargar. Det er fordi RGB er eit fargesystem som blir skapt ved hjelp av lys.

Subtraktivt fargesystem

CMYK er eit fargesystem som blir brukt i firefargetrykk. Det høyrer til det subtraktive fargesystemet. I dette fargesystemet blir fargen lysare når du trekkjer frå fargar (subtraherer). Bokstavane CMY står for primær- eller grunnfargane cyan, magenta og yellow. Cyan er ein blåfarge, magenta ein raudfarge, og yellow er gul.

Om du legg inn 0 % fargeverdi av desse fargane, får du kvit, og med 100 % fargeverdi får du svart. Denne svartfargen blir litt matt. Derfor har vi i tillegg svart som eigen farge i dette fargesystemet, og det er denne svartfargen bokstaven K står for. K tyder Key-tone. CMYK og det subtraktive fargesystemet er altså motsett av RGB og det additive fargesystemet.

Primærfargar, sekundærfargar og tertiærfargar

Primærfargar

I subtraktiv fargeblanding er primærfargane gul, raud og blå. Dei blir kalla primær- eller grunnfargar, fordi det er fargar som ikkje er laga av ei fargeblanding.

Raudt og gult med svart og kvitt felt mellom. Illustrasjon.
Primærfargar

Sekundærfargar

For å få ein sekundærfarge blandar du to primærfargar: raud og gul blir oransje, raud og blå blir lilla, mens blå og gul blir grøn.

Raudt og blått, raudt og gult, gult og blått. Illustrasjon.
Sekundærfargar

Ittens fargesirkel

Ittens fargesirkel. Grafisk.
Ittens fargesirkel

Ittens fargesirkel viser primærfargar og sekundærfargar. Den inste trekanten syner primærfargane gul, raud og blå.

Når du blandar primærfargane, får du sekundærfargane grøn, lilla og oransje. Den ytste sirkelen syner også sekundærfargar. Desse blir kalla mellomtonar og er i ulike nyansar av grøn, lilla og oransje.

Tertiærfargar

Tertiærfargar oppstår når du blandar to sekundærfargar med kvarandre. Tertiærfargar får ulike bruntoner, men med nyansar frå fargane som blandast. Om du blandar oransje og grøn, vil du få gulbrun ettersom primærfargen gul er brukt i både oransje og grøn.

Grønn og orange, orange og lilla. Illustrasjon.
Tertiærfargar

Læringsressursar

Grafisk design

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter