Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnet Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Media i samfunnetChevronRight
  4. Makt og mediumChevronRight
  5. Mediestrukturen i NoregChevronRight
LearningPath
Du er no inne i ein læringssti
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Aviser og opplag

Du veit kanskje at lokalavisene har ei sterk stilling i Noreg. Men kvifor har dei det? Og kva skjer med opplagstala for avisene?

Aviser og nettbrett

Noreg er eit av dei landa i verda der det blir lese mest aviser. Vi er også det landet i verda som har flest aviser i høve til folketalet. I 2015 kom det ut heile 228 aviser i Noreg, og avisene vart utgitte på heile 187 ulike stader. Denne spreiinga over heile landet er eit viktig kjenneteikn ved den norske avisstrukturen. Det at så mange les aviser, har ein verdi for fellesskapen, fordi det gir informerte borgarar. Og informerte borgarar tek betre val i kvardagen. Så langt er det lite som tyder på ein massedød av papiraviser.

Dei viktigaste avistypane er:

  • laussalsaviser – VG og Dagbladet (2 aviser)
  • storbyaviser – Aftenposten, Bergens Tidende, Adresseavisen og Stavanger Aftenblad (4 aviser)
  • riksspreidde meiningsaviser – eks. Klassekampen, Dagens Næringsliv (8 aviser)
  • lokale dagsaviser (53 aviser)
  • lokale to–tre-dagsaviser (77 aviser)
  • lokale vekesaviser (71 aviser)
  • nasjonale fådagsaviser – eks. Morgenbladet, Dag og Tid (8 aviser)

Lokalavisene har ein sterk posisjon i lokalsamfunnet. Det ser vi ikkje minst i Hordaland som har heile 27 lokalaviser, Nordland med 21 lokalaviser og Møre og Romsdal med 20 lokalaviser. Denne sterke, lokale mediesituasjonen er unik for Noreg i eit internasjonalt perspektiv.

Avistypar og mengd aviser

Lesertall papiraviser 2017 målt i Forbruker & Media

Nettaviser

I 2015 hadde 191 aviser (83 %) eigne nyheiter på Internett. 208 aviser hadde digitalt abonnement, og eit fleirtal av avisene hadde innført ei betalingsordning for nettsidene sine. Avisene satsar med andre ord digitalt.

Statistikkbank fra print- og online-undersøkelsen