Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. Media i samfunnetChevronRight
  4. Makt og mediumChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Makt og medium

I eit demokratisk samfunn som Noreg er media ei viktig motmakt til styresmaktene. I samfunn regulerte etter andre ideologiske system, kan media ha ei rolle som talerøyr for styresmaktene eller vere resultat av strøymingar i ein konkurranseutsett marknad.

Samfunnets vaktbikkje. Illustrasjon.

I Noreg fungerer nyheitsredaksjonar som kritiske røyster når det gjeld korleis politikarar forvaltar makta si som folkevalde. Ikkje minst har media makt gjennom å setje dagsordenen. Media kan også misbruke makta dei har, og regulerer seg sjølve gjennom PFU og Ver Varsam-plakaten.

Kontinuerlege vridingar på krig, kaos og katastrofar kan bidra til å teikne eit skeivt bilete av verkelegheita. Journalistikken er avhengig av å vere medviten framstillingsmakta han har, for ikkje å miste truverdet sitt.

Andre maktfaktorar er også vesentlege for kva for makt media har. Eigarmakt og medieøkonomi kan ha innverknad på kven som kjem til ordet i media, og kven som får historiene sine fortalde.

Sjølv om media i Noreg i hovudsak er sjølvregulerande, finst det nokre lover mediebransjen må halde seg til, og som blir følgde opp av Medietilsynet. Det gjeld blant anna eigarskap i media og aldersmerking på film og dataspel.

Autoritær statleg styring eller fattig samfunn

Det finst samfunn i dag og historisk der media ikkje har ei rolle som den fjerde statsmakta, slik vi kjenner henne i Noreg i dag. I samfunn med diktatorar eller eineherskarar fungerer media som talerøyr for styresmaktene.

I fattige og lagdelte samfunn er ofte mediemakt avgrensa til elitegrupper. I mange samfunn treng menneske pengar og utdanning for å tileigne seg ferdigheiter og kompetanse til å krevje og forstå kritisk mediedekning.

Læringsressursar

Makt og medium

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs