Hopp til innhald

Medieuttrykk og mediesamfunnet Vg2 og Vg3

Media i samfunnet

Ytringsfridom og mediemangfald er ein føresetnad for at vi i eit demokrati skal vere i stand til å gjere oss opp eigne meiningar. Berre tenk deg korleis det hadde vore å skulle velje representantar til Stortinget utan noko som helst informasjon om kva kandidatane meinte om ulike saker.

Mediestrukturen i Noreg

Mediestrukturen i eit land er eit resultat av politiske avgjerder. I norsk mediepolitikk er det sterke tradisjoner for å støtte opp under eit breitt mediemangfald. Føremålet er å sikre at ulike grupper i befolkninga blir høyrde, og at det finst kanalar for formidling av norsk kultur.

Læringsressursar

Mediestrukturen i Noreg