Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. Media i samfunnetChevronRight
  4. Ytringsfridom og demokratiChevronRight
  5. Mediekvardag i EtiopiaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Mediekvardag i Etiopia

I Etiopia er dei fleste mediene eigde av regjeringspartiet EPRDF. Etiopiske medium blir regelmessig sensurerte. Journalistar og redaktørar sensurerer seg sjølve av redsel for represaliar. Mange journalistar er fengsla, eller har rømt frå landet.

Sangeren Teddy Afrio synger i mikrofon. Foto.
Den etiopiske artisten Teddy Afro

Etiopisk kvardagssensur

På den første reisa mi til Etiopia for nokre år sidan var det som om alle taxiar og buer langs fortaua spelte den same songen. Som om hovudstaden Addis Abeba hadde sitt eige soundtrack. Eg lærte raskt at det var folkehelten Teddy Afro, eller Tewodros Kassahun, som er det eigentlege namnet hans, som song.

Teddy Afro - ETHIOPIA

Teddys Jah Yasteseryal lydde alle stader. Skopussarar og kafégjester song med på refrenget, og Teddy blei omtala som musikaren som hadde teke det lokale språket amharisk tilbake til etiopisk byungdom. Songane var fulle av håp om ei lys framtid, stoltheit over ei rik historie og oppfordring til fred og kjærleik.

Etiopiske heltar som legendariske langdistanseverdsmeister Haile Gebreselassie og tidlegare keisar Haile Selassie blei hylla, mens nokre av tekstane indirekte kritiserte dårleg leiarskap. Derfor var Teddy bannlyst – ein kunne ikkje spele songen Yasteseryal på radio eller fjernsyn. Tekstliner som "when will the daybreak come" kunne tolkast som eit ønske om politisk endring.

Eg blei meir og meir nysgjerrig, og eg intervjua journalistar og DJ-ar i den nasjonale radioen. Dei fortalde at det blei hengt opp lister i redaksjonen med namnet på dei songane dei ikkje kunne spele. Men offisielt var ikkje songane til Teddy Afro sensurerte, ein "spelte dei berre ikkje". Sjølv sensurprosessen var det lagt lokk på. Populærkulturen si kraft og makt blei tydeleg i eit land som framleis har eit stykke att før det kan kalle seg demokratisk.

Staten kontrollerer media

I Etiopia har regjeringspartiet EPRDF 546 av 547 seter i nasjonalforsamlinga. EPRDF eig dei to avispressene i landet og har kontroll over all medieregulering, 95 prosent av kringkastinga og 6 av 10 aviser.

Som det første landet i verda stansa regjeringa all sms-bruk i samband med valet i 2005. Ytringsfridommen har generelt relativt dårlege kår. Statskontrollerte medium er talerøyr for regimet. Det blei for nokre år sidan opna for privateigde aviser. Mange av desse var lite profesjonelle og publiserte ein del useriøse sladder i tillegg til rutinemessig kritikk av regjeringa sin politikk. Dei meir seriøse slit i eit vanskeleg landskap.

Antiterrorlover

Kristin Skare Orgeret portrett
Artikkelforfattar Kristin Skare Orgeret har forska spesielt på kva rolle media spelar i demokratiseringsprosessar.

Det er neppe ei enkel oppgåve å styre eit fattig jordbruksland som Etiopia med 88 millionar innbyggjarar, til dels store indre spenningar og utfordrande nabolandsrelasjonar. I 2009 innførte Etiopia strenge antiterrorlover som førte til at det demokratiske rommet og ytringsfridommen blei direkte innskrenka. Det er ulovleg å omtale delar av den politiske opposisjonen, og journalistar som går over denne grensa, blir fengsla.

Som eit resultat skyt sjølvsensuren i vêret. Journalistar og redaktørar sensurerer seg sjølve i frykt for represaliar. Mest merksemd utanfor Etiopia har kanskje dei to svenske journalistane som tok seg inn i landet ulovleg og blei arresterte i Ogaden, søraust i landet, fått. Dei to svenskane blei dømde for terrorisme.

Det er også fem andre etiopiske journalistar som sit i fengsel. Ifølgje Comitee to Protect Journalists (www.cpj.org) toppar Etiopia lista over land som har tvinga journalistar i eksil. 79 har flykta dei siste åra, og aviser som Addis Neger og Awramba Times er lagde ned etter at journalistane deira rømde landet i 2009. Etiopiske nettaviser blir regelmessig sensurerte.

Og Teddy Afro? Han blei sjølv arrestert for å ha køyrt ned og drepe ein fotgjengar i 2008, etter det som blir påstått, men slapp ut året etter på grunn av god oppførsel. I april 2012 kom det nye albumet hans, Tikur Sew. Det sette nye salsrekordar alt den første veka. Det er lite som tyder på at populærkulturen har mist krafta si i landet som er noko så uvanleg som eit afrikansk land utan kolonihistorie.

Til ettertanke

Sensur av populærmusikk skjer også i det vi kallar demokratiske samfunn. Under den første golfkrigen blei Roberta Flacks Killing me softly bannlyst på britiske BBC. I Noreg tok sterke krefter i 1968 til orde for å forby NRK å spele Fru Johnsen med artisten Inger Lise Rypdal.

Læringsressursar

Ytringsfridom og demokrati

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Hatefulle ytringar i sosiale medium

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Pressefridom, vegen til demokrati

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kritisk presse – eit teikn på demokrati

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Journalist – eit risikoyrke

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Iran

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Chile

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sosiale medium i teneste for folket

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Bør ein sensurere nett-trolla?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ytringsfridom i dag

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ytringsfridom når terroren rår

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Mediestruktur og demokrati

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Burma VJ

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Pressesensur i Aserbajdsjan

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Dagen Facebook gjekk i svart

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Ytringsfridom i Rwanda og på Sri Lanka

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Raseriet over den tomme stolen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff