Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. Media i samfunnetChevronRight
  4. Ytringsfridom og demokratiChevronRight
  5. Offentlege personar og allmenta si interesseChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Offentlege personar og allmenta si interesse

Ytringsfridomen gir oss blant anna ein grunnlovsfesta rett til kritikk. Men det tyder ikkje at alt kan, eller bør, kritiserast.

Politiker Per Sandberg på FrPs landsmøte. Foto.
Nestleiar Per Sandberg på landsmøtet til FrP.

Sjå for deg at du går nedover gata, og nokon tek eit bilete av deg. Neste dag ser du biletet i avisa saman med ein artikkel som kritiserer kleda du gjekk med. Ja, til og med sokkane dine blir kritiserte! Lite sannsynleg? Heldigvis.

Men førestill deg så at du er ein kjend politikar, og at du har på deg ein genser med eit litt provoserande design. Plutseleg blir saka ei anna. For då representerer du ikkje lenger berre deg sjølv. Du representerer både eit parti, og dei som har stemt på deg.

Det var derfor forståeleg at Dagbladet, og fleire andre aviser, skreiv ein kritisk vinkla artikkel om at FrP-politikar Per Sandberg gjekk med «Good Journey»-skjorte dagen etter at FrP hadde vedteke å seie nei til å ta imot 10.000 syriske flyktningar. Orda «Good Journey», saman med illustrasjonar av vatn og anker, vart nemleg tolka som ei usmakeleg politisk ytring fordi mange flyktningar drukna på vegen over Middelhavet.

Sandberg sjølv forklarte at T-skjorta var tilfeldig vald, og syntest det var koplinga mellom skjorta og vedtaket som var usmakeleg. Men han måtte likevel tole kritisk merksemd retta mot klesplagget sitt, fordi han er ein kjend politikar.

Allmennta si interesse

Sandberg og andre politikarar blir rekna for å vere offentlege personar. Det same kan vi seie om leiarar for store organisasjonar, folk som uttaler seg mykje til media, og ei rekkje andre kjende menneske. Å vere ein offentleg person inneber blant anna at dei må vente seg, og tole, langt større merksemd frå pressa enn det vi andre må tole.

Men det er ikkje berre personar som er offentlege. Ein del saker er også offentlege. Vi seier at sakene er i offentlegheita si interesse, eller i allmennta si interesse. Politiske saker er rekna for å vere av offentleg og allmenn interesse.

Det same vil gjelde for konfliktfylte saker i store organisasjonar. Det kan for eksempel gjelde seksuelt misbruk i religiøse miljø: Seksuelle overgrep i kristne miljøer, når politikarar bryt lova: FrP-politiker Bård Hoksrud innrømmer sexkjøp, når vi opplever store naturkatastrofar, eller når vi opplever hendingar som rystar ein heil nasjon: Terrorangrepene i Norge 2011.

Biskop Bernt Eidsvig forklarer seg for pressen. Foto.
Biskop Bernt Eidsvig kommenterer overgrepssakene i den katolske kyrkja.

Ein vanskeleg balanse

Kva klede du hadde på deg i går, eller om du liker best sushi eller taco, vil ikkje vere saker av allmenn interesse. Men dersom det handlar om noko meir generelt, som for eksempel klespress og matvaner blant ungdom, så vil nok mange meine at både mat og klede kan vere saker av allmenn interesse.

Kva tema og saker som er av allmenn interesse, er ikkje alltid opplagt. Og ofte vil det vere stor usemje når dette blir diskutert. Det eg meiner er eit viktig tema, meiner kanskje du er eit totalt uinteressant og irrelevant tema. Og det er OK.

Kritisk til viktige saker

Det som derimot ikkje er OK, er når nokon prøver å stoppe kritiske saker frå å bli laga. Det er forståeleg at dei som blir kritiserte i pressa, ikkje synest det er så kjekt å bli kritisert, men dersom nokon stoppar ei sak som er av offentleg interesse, tyder det at vi som samfunn ikkje får vite alt vi treng å vite.

Det er derfor viktig for samfunnet at det er journalistane, og ikkje kjeldene, som bestemmer kva saker som skal dekkjast. Og at dersom ei sak er av offentleg interesse, er det viktig at journalisten ikkje lèt seg stoppe av dei som ønskjer å unngå kritikk.

Men det er også viktig for samfunnet at journalisten dekkjer saker som faktisk er viktige saker, og ikkje sløser bort tid og pengar på ting som ikkje er av offentleg interesse.

Men kvar grensa skal gå, er som du sikkert har skjønt no, slett ikkje openbert.

Til ettertanke

Svekkjer ein kritikken, så svekkjer ein pressefridomen, og svekkjer ein pressefridomen, så svekkjer ein ytringsfridomen.

Læringsressursar

Ytringsfridom og demokrati

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Hatefulle ytringar i sosiale medium

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Pressefridom, vegen til demokrati

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kritisk presse – eit teikn på demokrati

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Journalist – eit risikoyrke

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Etiopia

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Iran

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Chile

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sosiale medium i teneste for folket

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Bør ein sensurere nett-trolla?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ytringsfridom i dag

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ytringsfridom når terroren rår

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Mediestruktur og demokrati

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Burma VJ

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Pressesensur i Aserbajdsjan

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Dagen Facebook gjekk i svart

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Ytringsfridom i Rwanda og på Sri Lanka

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Raseriet over den tomme stolen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff