Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. Media i samfunnetChevronRight
  4. Ytringsfridom og demokratiChevronRight
  5. Når debatt blir ubehagelegChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Når debatt blir ubehageleg

Debatt i avisene, radio eller i kommentarfelt på Facebook gir oss høve til å uttrykkje eigne meiningar og til å få innsikt i andre sine. Ein frisk debatt er i utgangspunktet positivt. Men bruk av hets og hatefulle ytringar kan øydeleggje debattklimaet.

Kvinne slår mann med knyttneven. Illustrasjon.

For dei fleste vil det å delta i debatt vere ei fin oppleving, så lenge ein toler sakleg kritikk. Men debattarenaene kan også vere ein ufin stad. Ubehagelege kommentarar treng ikkje framstå som farlege, men vil like fullt vere ubehagelege.

Kva som blir opplevd som ubehagelege kommentarar, varierer med kven som blir spurd, og kva personen forstår som hets og hat. Særleg gjeld dette når debatten blir prega av personangrep.

I verste fall kan personar bli utsette for valds- og drapstruslar. Etter norsk lov er dette straffbare handlingar. Valds- og drapstruslar kan meldast til politiet og handsamast i rettssystemet.

Hatet på nettet

«Hei! Eg er ein pedofil, kvinneundertrykkjande, lemlestande, homohatande mentalt tilbakeståande terrorist som burde vore valdtatt og skoten som den quislingen eg er, for deretter å bli partert opp og kasta til grisen.»

Slik meiner Yousef Assidiq ein typisk netthatar ville ha presentert han. I dette føredraget om truslar på nettet fortel han meir om det:

Det er vanskeleg å seie akkurat kor mykje hets og hat som finst, for eksempel i nettdebatten. Tala over kor mange som meiner dei har vorte hetsa etter å ha delteke i nettdebatt, varierer. Bergensavisa BA melder om rundt 14 prosent i Få unge opplever netthets, TV 2 melder om 30 prosent i Slik er de typiske netthaterne.

Kjendisar og offentlege personar er utsette. Nokre vel også å ta eit oppgjer med netthets.

Celebrity reads mean tweets #10

Status for ytringsfridom i Noreg

På nettsidene Status for ytringsfriheten i Norge har Institutt for samfunnsforskning samla forsking om kva som er stillinga for ytringsfridomen i Noreg. Nedanfor presenterer vi nokre fakta herifrå.

Undersøkingar viser at den mengda hets menn og kvinner blir utsette for, er ganske lik. Men dersom vi ser på typen ubehagelege ytringar, og ikkje mengda, ser vi at menn blir mest kritiserte for meiningane sine, mens mykje av hetsen mot kvinner er retta mot kjønn og utsjånad.

I tillegg har forskarane funne at minoritetsbefolkninga i større grad opplever ubehagelege kommentarar knytte til etnisk bakgrunn, religiøs tilhøyrsel og hudfarge enn det majoritetsbefolkninga gjer.

Bør nedsetjande ytringar aksepterast?

Denne tabellen frå 2014 viser at kven vi snakkar med, og kva for tema vi snakkar om, er viktig for om folk meiner støytande ytringar skal tillatast. (Kjelde: Status ytringsfrihet side 40)

Tabell 2-1 Aksept for ulike typar ytringar på ulike arenaer
Blant nærm-
aste
På arbeids-
plassen
I nyheits- media

I kom-
mentar- felta til nett- avisene

I sosiale medium I kunsten Ingen av arena-
ene
Nedsetjande ytringar om religion 45,8 15,9 17,4 16,3 17,1 19,2 46,1
Nedsetjande ytringar om innvandrarar 36,9 11,2 13 10,9 11,4 10,7 55
Nedsetjande ytringar om kristne 40,4 15,7 18,6 15,9 16,5 17,4 52
Nedsetjande ytringar om muslimar 32,2 9,9 10,9 10,3 9,3 9,4 60,6
Nedsetjande ytringar om homofile 22,8 6,7 7,7 7,3 7,7 8,5 70,9
Nedsetjande ytringar om politikarar 55,1 33,5 31,6 25,1 26 22,3 31,3
Svar på spørsmålet: På kva for arenaer meiner du ulike typar nedsetjande ytringar bør aksepterast?

Legg særleg merke til tala i øvste rekkja. 45,8 prosent meiner altså det er OK å snakke nedsetjande om religion blant dei nærmaste, altså familie og nære venner. Men i sosiale medium vil folk vere meir forsiktige. Her er det nemleg berre 17,1 prosent som meiner slike ytringar bør vere tillatne.

Vi ser også same tendensen for mange av dei andre kategoriane: Vi synest nedsetjande ytringar er meir OK blant dei nærmaste enn vi gjer på offentlege arenaer. Nedsetjande ytringar om politikarar skil seg her ut ved at fleire meiner denne typen ytringar bør aksepterast på fleire ulike arenaer.

Legg så merke til kolonnen heilt til høgre. Her ser vi at mange meiner at dei ulike typane nedsetjande ytringar ikkje bør aksepterast nokon stad! Dette er først og fremst positivt fordi det viser at nordmenn ikkje synest det er greitt å snakke stygt om andre. Men samtidig kan ein tenkje at ein slik type tankegang, politisk korrektheit, kan hindre viktige debattar i å komme ut i offentlegheita.

Både politikk, innvandring og religion er viktige samfunnstema i vår tid. Men dersom ingen vil snakke om desse temaa i avisene eller i sosiale medium, kan vi risikere at viktige debattar berre går føre seg innad i familiar og blant nære venner, og at viktige synspunkt då i verste fall kan forsvinne frå offentlegheita.

Sjølvsensur og politisk korrektheit

Forskarane er forsiktige med å seie kva for konsekvensar ubehagelege kommentarar kan få, men det mange fryktar, er at folk skal skremmast vekk frå debattsidene, både i aviser, TV, radio og på nettet, av frykt for å bli hetsa. Ytringsfridomsrapporten frå 2014 viser at særleg i minoritetsbefolkninga blir hets oppgitt som grunn til å vegre seg frå å delta i debatt.

Det å ikkje ønskje å delta i debatt kan reknast som ein type sjølvsensur, og dei siste åra har forskarar vore opptekne av kva som gjer at vi legg lokk på eigne meiningar. Det er viktig å hugse at det ikkje berre er ubehagelege kommentarar som gjer at vi unngår å uttale oss om visse tema. Også frykta for å støyte andre kan ha ein sjølvsensurerande effekt, og på den måten vere med på å hindre visse tema frå å bli debatterte i offentlegheita. Vi ser gjerne uttrykket «politisk korrekt» bli brukt som kritikk av ein slik type sensur.

«Politisk korrekt» forklart i Store norske leksikon

Politisk korrekt er et uttrykk som i dag brukes, hovedsakelig i nedsettende betydning, om ulike forsøk på å endre uttrykksformer eller sensurere ytringer som enkelte kan oppleve som støtende eller diskriminerende.

Den nåværende betydningen av uttrykket fikk sin utbredelse først i USA i årene rundt 1990, og deretter i Vest-Europa og ellers i verden. [1]

  1. 1«Politisk korrekt i Store norske leksikon». . 2016.

Læringsressursar

Ytringsfridom og demokrati

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Debatt

  • SubjectMaterialFagstoff

    Hatefulle ytringar i sosiale medium

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Pressefridom, vegen til demokrati

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kritisk presse – eit teikn på demokrati

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Journalist – eit risikoyrke

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Etiopia

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Iran

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Chile

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sosiale medium i teneste for folket

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Bør ein sensurere nett-trolla?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ytringsfridom i dag

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ytringsfridom når terroren rår

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Mediestruktur og demokrati

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Burma VJ

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Pressesensur i Aserbajdsjan

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Dagen Facebook gjekk i svart

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Ytringsfridom i Rwanda og på Sri Lanka

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Raseriet over den tomme stolen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff