Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnet Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Media i samfunnetChevronRight
  4. Ytringsfridom og demokratiChevronRight
  5. Når debatt endrar verdaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Når debatt endrar verda

Når nok personar samlar seg om ei sak og ytrar meiningane sine, kan det bidra til å endre grunnleggjande samfunnsforhold, både lokalt og globalt.

Kvinner går i 8. marstog 1973

I det daglege er det kanskje ikkje så lett å sjå at meiningar kan endre verda, for det å få til noko slikt tek som regel lang tid. Både rettane til kvinner og arbeidarar, aksepten for homofile og kampen mot undertrykkjande religiøse dogme, er vunne som resultat av at folk har engasjert seg, sagt meiningane sine og protestert mot det dei har opplevd som urettferdige reglar og normer.

Å lytte til ulike meiningar

For dei som deltek i debattar, anten det er på TV, i radio, aviser eller sosiale medium, er det viktig å bli høyrde. Bidragsytarar i ein debatt håper at nettopp deira debattinnlegg skal overtyde folk om at dei har rett.

Emballasjeavfall. Bilde.

Eksempel: Korleis skal vi løyse klimautfordringane?

Tenkjepause

  • Kva meiner du om bompengar og miljø?

Nokre problem er så store og samansette at det er vanskeleg å vite kva som er den beste løysinga. I slike tilfelle handlar det om å la ulike personar komme med ulike synspunkt og argument i debatten i det offentlege rommet.

Debattinnlegg frå engasjerte eller kunnskapsrike personar kan gi god innsikt i ei sak. Om ikkje enkeltinnlegg endrar verda, medverkar dei til at folk får kjennskap til nye sider ved ei sak, til at nye haldningar blir skapte og løysingar oppstår.

Debatt kan endre standpunkt

Det finst mange eksempel på saker der debatten har ført til endringar:

Tenkjepause

  • Kva vil du endre på i samfunnet du lever i?
  • Korleis vil du gå fram?

Læringsressursar

Ytringsfridom og demokrati

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale