Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. Media i samfunnetChevronRight
  4. Ytringsfridom og demokratiChevronRight
  5. DebattChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Debatt

Offentleg debatt er naudsynleg i eit levande demokrati. Media er ein viktig arena for meiningsutveksling om både store og små saker. Derfor er mediemangfald viktig. Alle røyster bør nemleg komme til orde i samfunnsdebatten, også di!

Figurer med ulike snakkebobler. Illustrasjon.

Kva debatterer vi?

Lokalpolitiske saker, som vegbygging, kollektivtransport eller nedlegging av skular, vil ofte oppta mange. Det same gjer store tema som krig, miljø og religion. Saker som desse har ein naturleg plass i den offentlege debatten.

Nokre meiner tema som kosthald og trening er personlege saker og ikkje samfunnstema. Det bør derfor ikkje vere noko som blir diskutert i avisene. Andre vil seie at alt som kan lære oss noko om kven vi er, og korleis vi skal leve liva våre, er viktige tema også i samfunnsdebatten.

Vi ser også eksempel på at alvorlege, personlege hendingar, som for eksempel kreft eller valdtekt, kan bli brukte i samfunnsdebatten som utgangspunkt for å diskutere kvaliteten ved sjukehusa eller om rettssystemet er godt nok.

Diskuter med ein medelev

Vel nokre av temaa nedanfor og diskuter kva som kjenneteiknar debatten om desse temaa når debatten går føre seg i privat samanheng, og når han går føre seg i offentlegheita.

Debatten endrar seg over tid

Den offentlege debatten endrar seg over tid. Sjølv om enkelte tema går igjen, vil måten dei blir diskuterte på, vinklingane i sakene og argumenta som blir brukte, vere forskjellig.

Åpen post var eit debattprogram som gjekk på NRK på 1960-talet. Programleiar var Kjell Arnljot Wig. I studio gjekk det hardt føre seg, og det steig røyk både frå opphissa gjester og frå sigarettar. I dette utdraget (sendt 1966) ser vi overlærar Tove Pihl, programdirektør Otto Nes, kringkastingssjef Hans Jacob Ustvedt og redaksjonssekretær Øystein Østenstad. Utdraget er tilpassa for TV-serien Perspektiv (NRK 2006).

Diskuter med ein medelev

  • Kva er tema for debatt i dette innslaget?
  • På kva for måtar er debatten utdatert?
  • Kva er framleis relevant?

Læringsressursar

Ytringsfridom og demokrati

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Hatefulle ytringar i sosiale medium

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Pressefridom, vegen til demokrati

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kritisk presse – eit teikn på demokrati

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Journalist – eit risikoyrke

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Etiopia

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Iran

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Chile

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sosiale medium i teneste for folket

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Bør ein sensurere nett-trolla?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ytringsfridom i dag

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ytringsfridom når terroren rår

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Mediestruktur og demokrati

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Burma VJ

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Pressesensur i Aserbajdsjan

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Dagen Facebook gjekk i svart

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Ytringsfridom i Rwanda og på Sri Lanka

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Raseriet over den tomme stolen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff