Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnet Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Media i samfunnetChevronRight
  4. Ytringsfridom og demokratiChevronRight
  5. Til UngdommenChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Dokumentarfilm

Til Ungdommen

Til Ungdommen følgjer fire ungdomspolitikarar frå sommaren 2009 til hausten 2011. 22. juli 2011 blir Oslo og Utøya råka av terroråtak. Fleire av ungdommane opplever terroren på nært hald.

Om filmen

I utgangspunktet skulle Til Ungdommen vere ein film om norske ungdomspolitikarar og om skuleval. Gjennom det uventa møtet med terroråtaket 22. juli blei det også til ein film om ei av dei grufullaste hendingane i nyare norsk historie.

Sana, Henrik, Haakon og Johanne er medlemmer av kvart sitt politiske ungdomsparti. Sana er med i Sosialistisk Ungdom (SU), Henrik i Framstegspartiets Ungdom (FpU), Haakon i Unge Høgre og Johanne i Arbeidaranes Ungdomsfylking (AUF). 12. september 2011 skal det vere stortingsval i Noreg. Ungdomspolitikarane deltek i skuledebattar og førebur seg til valkampen.

22. juli 2011 er filmteamet først saman med Johanne på Utøya. Etterpå reiser dei for å møte Sana i Oslo sentrum. Sana står saman med fleire andre ungdommar ved Oslo sentralstasjon då det brått høyrest eit kraftig smell. Det har gått av ei bombe i Regjeringskvartalet. Ikkje lenge etterpå blir det meldt på nyheitene at det er ein mann som skyt på Utøya.

Om regissøren

Dokumentarfilmen Til Ungdommen er regissert av den norske filmskaparen Kari Anne Moe. Moe har også regissert dokumentarfilmen Pøbler som du kan sjå her på NDLA film.

Sist oppdatert 21.06.2019
Tekst: Tina Andersson (CC BY-SA)

Læringsressursar

Ytringsfridom og demokrati

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale