Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnet Vg2 og Vg3ChevronRight
  3. Media i samfunnetChevronRight
  4. Ytringsfridom og demokratiChevronRight
  5. Ytringsfridom og demokratiChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Ytringsfridom og demokrati

Ytringsfridom og trykkjefridom blei lovfesta i den grunnlova den nye nasjonen Noreg fekk i 1814. Men ytringsfridom er ikkje berre ein individuell rett. Grunnlova gir staten eit spesielt ansvar for at ulike grupperingar i samfunnet skal kunne komme til orde.

Faksimile av Grunnlova. Foto.
Grunnlova frå 1814

Ytringsfridommen er grunnlovsfesta

I Noreg er ytringsfridommen ein rett nedfelt i Grunnlova § 100. I lova kan vi lese i eit litt omstendeleg språk:

«Ingen kan haldast rettsleg ansvarleg for å ha motteke eller komme med opplysningar, idear eller bodskapar.» (Grunnlova, 1814)

I lova får vi også ei grunngiving for at vi treng ytringsfridom. Ytringsfridom er nemleg ein føresetnad dersom vi skal kunne søkje sanning og ha eit demokrati basert på den frie meiningsdanninga til individet. Berre tenk deg korleis det hadde vore å velje representantar til Stortinget utan informasjon om kva dei som stilte til val, meinte om ulike saker.

Trykkjefridom

I det aller første punktet i Ver Varsam-plakaten kan vi lese:

«Ytringsfridom, informasjonsfridom og trykkjefridom er grunnelement i eit demokrati. Ei fri, uavhengig presse er blant dei viktigaste institusjonane i demokratiske samfunn.» (Pressas Faglege Utval, 2015)

Media speler ei viktig rolle når det gjeld å formidle kva enkeltpersonar og ulike grupper i samfunnet vårt meiner om ulike spørsmål. Det er i media vi får høyre om aktuelle saker, og det er jobben til journalistane å undersøkje og stille kritiske spørsmål på vegner av oss.

Staten sitt ansvar

Den siste setninga i Grunnlova § 100 blir derfor mediepolitisk viktig. Der kan vi lese:

«Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.» (Grunnlova, 1814)

Dette kravet blir gjerne kalla «infrastrukturkravet». At staten har eit ansvar for at det er mogleg å ha ytringsfridom, viser kor viktig ytringsfridommen er for å kunne ha eit velfungerande demokrati.

Det er også her vi finn grunngivingar for å ha ein aktiv mediepolitikk. Alle dei mediepolitiske ordningane med momsfritak og pressestønad kan sjåast som tiltak nettopp for å leggje forholda til rette for at det faktisk er mogleg med reell ytringsfridom i landet.

Det same gjeld utbygginga av eit godt skulesystem. Veit vi ikkje kva vi snakkar om, kan vi ytre oss så mykje vi vil, men vi kjem kanskje ikkje så mykje lenger viss vi verken kan lese, skrive eller ha kunnskap om og forståing av det som skjer i samfunnet.

Grunnlova. (1814). Kongeriket Noregs grunnlov (LOV-1814-05-17). Henta frå https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1814-05-17-nn

Pressas Faglege Utval (2015). Ver Varsam-plakaten. Henta 15. april 2020 frå https://presse.no/pfu/etiske-regler/vaer-varsom-plakaten/vvpl-nynorsk/

Læringsressursar

Ytringsfridom og demokrati

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale