Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. Media i samfunnetChevronRight
  4. Ytringsfridom og demokratiChevronRight
  5. Trugsmål mot prinsippet om ytringsfridomChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Trugsmål mot prinsippet om ytringsfridom

Mange opplever at ytringsfridommen er under sterkt press i Europa i dag. Mange av terroraksjonane i europeiske storbyar dei siste åra er retta mot det frie ordet. Men også styresmaktene strammar grepet.

Kvinne som demonstrerer med munnen teipa att. Fotografi.
Ytringsfridommen er under press i mange europeiske land, som her i Ungarn.

Dødstrugsmål mot kritisk satire

I 2005 publiserte den danske avisa Jyllandsposten ei karikaturteikning av profeten Muhammed. Dette gjorde redaksjonen etter at det vart kjent at mange teiknarar unngjekk å teikne profeten av frykt for represaliar frå ytterleggåande muslimar. Jyllandsposten trykte karikaturane, det same gjorde den norske avisa Dagen. Teikninga skapte sterke reaksjonar over heile verda, og den danske teiknaren Kurt Westergaard vart truga på livet og utsett for drapsforsøk.

Ti år etter vart tolv menneske drepne under åtaket på det franske satirebladet Charlie Hebdo, eit blad som er kjent for å gjere narr av dei fleste aktørar i samfunnet.

Journalistar særskilt utsette

Om du jobbar som journalist, er du heilt avhengig av at det er tillate å ytre seg, og du er avhengig av at kjeldene dine tør å gi deg opplysingar. Men i mange land er ytringsfridommen avgrensa, og det er rett og slett livsfarleg å jobbe som journalist. I ei krigssone, eit konfliktområde eller under eit undertrykkjande regime er det ikkje fritt fram å fortelje om kva som skjer. Mange journalistar jobbar med livet som innsats. Ifølgje organisasjonen The Committee to Protect Journalists har over tusen journalistar vorte drepne på jobb sidan 1992.

I Noreg er ikkje journalistyrket like farleg som i andre land. Men likevel har også norske journalistar opplevd å bli truga på livet av kriminelle og ytterleggåande grupperingar. I 2013 la SKUP («Stiftelsen for en kritisk og uavhengig presse») fram ein rapport der 3.697 journalistar og 218 redaktørar hadde svart på spørsmåla. I rapporten kom det fram at kvar tredje av dei spurde journalistane hadde vorte sjikanert eller trakassert i løpet av dei fem siste åra. Kvar femte hadde vorte truga, mens to av 100 hadde vore utsette for vald.

Represaliar frå styresmaktene blir møtt med sjølvsensur

I seinare tid har vi sett at styresmaktene i somme europeiske land ønskjer å avgrense retten til frie ytringar. I eit land som Tyrkia fengslar dei jorunalistar som kritiserer styresmaktene, og sosiale medium som distribuerer kritiske ytringar, blir stengde ned. Det har gjort at mange medium har pålagt seg sjølve ei form for sjølvsensur. Tyrkiske styresmakter har også bede tysk påtalemyndigheit etterforske ein tysk komikar for å ha fornærma den tyrkiske presidenten.

Varslarar møtte med negative sanksjonar

I 2015 svarte 801 norske rektorar og skuleleiarar på ei undersøking frå Respons Analyse om det er aksept for å uttrykkje seg kritisk til norsk skule. To av tre svarte at dei ikkje kjende at dei kunne ytre seg kritisk. Også i politiet er ein forsiktig med å seie frå. I mars 2016 vedtok forbundsstyret i Politiets fellesforbund at dei ikkje ville rå medlemmene sine til å seie frå dersom noko var kritikkverdig på arbeidsplassen.

I det private næringslivet blir det sett på som illojalt å kritisere eigen arbeidsplass, sjølv om samfunnet vil ha nytte av at tilsette varslar om kritikkverdige forhold. For å styrkje høvet til å seie frå, er retten til å varsle og vernet mot gjengjeld nedfelt i arbeidsmiljøloven §§ 2-4, 2-5 og 3-6. Her står det også at arbeidsplassen har plikt til å leggje forholda til rette for varsling.

Læringsressursar

Ytringsfridom og demokrati

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Hatefulle ytringar i sosiale medium

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Pressefridom, vegen til demokrati

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kritisk presse – eit teikn på demokrati

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Journalist – eit risikoyrke

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Etiopia

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Iran

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Chile

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sosiale medium i teneste for folket

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Bør ein sensurere nett-trolla?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ytringsfridom i dag

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ytringsfridom når terroren rår

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Mediestruktur og demokrati

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Burma VJ

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Pressesensur i Aserbajdsjan

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Dagen Facebook gjekk i svart

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Ytringsfridom i Rwanda og på Sri Lanka

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Raseriet over den tomme stolen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff