Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. Media i samfunnetChevronRight
  4. Ytringsfridom og demokratiChevronRight
  5. Grenser for ytringsfridommenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Grenser for ytringsfridommen

Sjølv om det er ytringsfridom i Noreg, er det ikkje fritt fram å ytre seg krenkjande om personar eller grupperingar du misliker. Omsynet til folk sitt personvern set grenser for kva ytringar du har lov til å komme med i det offentlege rommet. I nokre yrke har ein også teieplikt.

Tavle der nokon har skrive Noreg for nordmenn. Foto.
Korleis vil ein innvandrarelev oppleve det å bli møtt av ei slik ytring i klasserommet?

Hatefulle ytringar

Ytringsfridommen er avgrensa av straffeloven § 185 som forbyr diskriminerande eller hatefulle ytringar. Det kan straffast med inntil tre år «å true eller forhåne noen, eller fremme hat, forfølgelse eller ringeakt overfor noen på grunn av deres hudfarge eller nasjonale eller etniske opprinnelse, religion eller livssyn, homofile orientering, eller nedsatte funksjonsevne». Når prinsippa om ytringsfridom og prinsippa om personvern barkar saman, står ein ofte overfor vanskelege saker der det gjerne er usemje om kor grensa går. For når er noko eit trugsmål? Og kva vil det seie å syne «ringeakt»?

Personvern

Lækjarar, tilsette i barnevernet og lærarar har til dømes ikkje lov til å ytre seg fritt om menneske dei møter i arbeidet sitt. Er du representant i elevrådet, må du skrive under på at du ikkje skal gå ut med alle opplysningar du kan komme til å få tilgang til.

Derfor hamnar til dømes tilsette i barnevernet i eit dilemma: I media fortel folk om erfaringane sine, men som tilsett i barnevernet kan dei ikkje svare på tiltale og fortelje si side av saka. Då kan dei nemleg bryte reglane for personvern.

Førehandssensur

Sjølv om lov om ytringsfridom ikkje tillèt førehandssensur, finst nokre unnatak. Det kan til dømes vere lov å sensurere breva til folk som sit i fengsel. Lova seier også at førehandssensur er tillate der «det er nødvendig for å beskytte barn og unge mot skadelig påvirkning fra levende bilder». Derfor har filmar som blir synte på kino, aldersgrenser.

Til refleksjon

Kvifor trur du ein tenkjer seg at levande bilete er meir skadelege for barn enn til dømes ytringar som kjem i form av skrift, lyd eller stillbilete?

Læringsressursar

Ytringsfridom og demokrati

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Hatefulle ytringar i sosiale medium

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Pressefridom, vegen til demokrati

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kritisk presse – eit teikn på demokrati

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Journalist – eit risikoyrke

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Etiopia

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Iran

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Chile

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sosiale medium i teneste for folket

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Bør ein sensurere nett-trolla?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ytringsfridom i dag

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ytringsfridom når terroren rår

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Mediestruktur og demokrati

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Burma VJ

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Pressesensur i Aserbajdsjan

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Dagen Facebook gjekk i svart

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Ytringsfridom i Rwanda og på Sri Lanka

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Raseriet over den tomme stolen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff