Som informasjonsmedarbeidar i ei bedrift eller ein organisasjon kan du bli beden om å skrive eit utkast til eit debattinnlegg. Det kan vere eit svar på noko som har stått i media, eller eit innlegg i ein diskusjon som vedkjem verksemda.

Slik lagar du eit godt debattinnlegg
Eit debattinnlegg må først og fremst kommunisere med lesarane og overtyde dei om at synspunkta dine er fornuftige. Det betyr at du må underbyggje synspunkta dine med gode og haldbare argument. Innlegget må ha ein gjennomtenkt struktur og eit godt språk. Elles kan det tenkjast at redaksjonen legg det bort til fordel for andre og betre innlegg.
- Ikkje ver tannlaus
Ofte løner det seg å halde ein fagleg og sakleg tone i innlegget, men det må heller ikkje bli så keisamt og tannlaust at ingen gidd å lese det. - Vit kva du snakkar om
Det viktigaste når ein skal skrive for «det offentlege rommet», er at ein er trygg på det ein skriv, både når det gjeld fakta og eiga erfaring. Dersom du har god innsikt i temaet som blir debattert, treng du ikkje referere til utsegner frå ekspertar og faglitteratur. Dersom du vel å støtte deg på andre si vurdering, kan du gjere dette i form av korte sitat. - Vit kven du skriv for
Dersom det er «folk flest», må du ta omsyn til det, både når du vel form, fagtermar, måten du argumenterer på og – ikkje minst – lengd. Det enkle er det beste. Tunge, faglege formuleringar kan (og må) du forklare enkelt. - Les innlegget høgt
Les innlegget høgt for andre eller for deg sjølv. Då vil både altfor interne eller munnlege formuleringar, gjentakingar og ukritisk bruk av fagspråk bli tydelegare – og du får ei moglegheit til å redigere, forenkle og skrive om.
Oppbygging av teksten
Tenk nøye gjennom innleiinga. Folk les innlegg raskt, og lange, kompliserte og kronologiske innleiingar tærer på tolmodet. Derfor bør du komme til poenget – nemleg problemstillinga – dess før, dess heller. Sei det viktigaste du vil ha sagt, så tidleg som råd.
Gløym kronologien, og tenk ikkje på å «spare» godbitane til slutt! Men for all del, ikkje gå så fort fram at problemstillinga blir uklar for utanforståande.
For å få lyst til å lese vidare må lesarane kunne identifisere seg med emnet. Hugs at dei aller fleste lesarane er «utanforståande». Jobb spesielt mykje med avslutninga. Det er utilfredsstillande når eit godt innlegg «renn ut i sanda». Men dersom alternativet er moraliserande gjentakingar, er det betre å stoppe i tide.
Tips
Dersom du er usikker på forma, er det lurt å halde seg til ein fempunkts «standard»:
- Skriv ei kort innleiing som gjerne kjapt referer problemstillinga og samanfattar det du vil seie.
- Presenter hovudpoenget så tidleg som mogleg.
- Gjer kort greie for bakgrunnen for innlegget ditt.
- I nokre få og korte avsnitt kan du så argumentere for synspunkta dine. Kom gjerne med eksempel, eller referer til eiga eller andre si erfaring med eller kunnskap om problemstillinga. Du kan også ta med ei konsekvensvurdering.
- Til slutt skriv du ei kort oppsummering, gjerne med ein konklusjon eller eit godt sluttpoeng Gjentaking er bra, men berre forsiktig brukt på slutten – det må vere ei gjentaking som «slår».
Lengd og oppdeling
Eit godt debattinnlegg bør vere på maks ei A4-side med vanleg linjeavstand. Dersom den som skal lese og redigere, må bla sidevis framover, minkar sjansane for at innlegget blir brukt.
Teksten er lettare å forstå for mottakaren dersom du set inn mellomtitlar, men for korte innlegg (innanfor eitt A4-ark) treng du ikkje gjere det. Redaksjonane bruker gjerne andre typografiske verkemiddel, til dømes utheving av dei første orda i eit avsnitt. Det er viktigare å lage tydelege og mange avsnitt, og helst la avsnitta vere nokolunde korte og avsluttande innhaldseiningar.
Språklege verkemiddel
Det er vanleg å formulere problemstillingar i spørsmålsform. Nokre av spørsmåla er det ikkje råd å svare på, og slett ikkje av lesarane. Då fungerer dei som retoriske spørsmål eller «utrop» frå den som skriv – meir eller mindre indignerte konstateringar av noko. Det er lett å overdrive dette, og då blir lesaren fort frustrert. Vi likar ikkje folk som berre roper.
Eit innlegg i media må ha ei viss «ro» over seg. Lesaren må få tid til å fordøye innhaldet. Dersom ein meir eller mindre indignert ramsar opp problem, kritikk og har mange hjartesukk, blir det for heseblesande sjølv for ein rask lesar.
Enkelte formuleringar går så ofte att at dei blir utslitne. Ein treng kanskje ikkje lenger å gjenta floskelen « … Noreg, som eit av dei rikaste landa i verda …», i alle debattinnlegg. Prøv heller å finne nye og friske formuleringar. Stryk overflødige adjektiv og atterhald du ikkje treng å ta med. Unngå ironi, det går ikkje alltid bra. Ironi er vanskeleg å skrive – og endå vanskelegare å forstå.
Rett skrivefeil
Redaksjonar tek seg ofte bryet med å rette på eit innlegg, dersom dei ønskjer å trykkje det. Men nokre gonger tek dei seg ikkje bryet, og då er det mest pinleg for den som har skrive innlegget. Eit innlegg prega av stavefeil og særskrivingsfeil («lamme lår» eller «ananas biter»), blir ikkje alltid teke seriøst. Dårleg språk og rettskriving gir eit negativt bilete av innsendaren.
Dei aller fleste ser ikkje sine eigne feil. Ta derfor ein ekstra runde, både med og utan retteprogram.
Lær av andre
Politikarar og medlemmer i organisasjonar skriv mange debattinnlegg. Les og lær!
Sjå skrivetips frå organisasjonen Framtiden i våre hender: Tips til å skrive avisinnlegg
Læringsressursar
Ytringsfridom og demokrati
Læringssti
Ytringsfridom og demokrati
KjernestoffGrenser for presse- og ytringsfridomen
KjernestoffMedia som den fjerde statsmakta
KjernestoffDebatt i media
Kjernestoff
Fagstoff
Ytringsfridom og demokrati
KjernestoffYtringsfridom i terroren si tid
KjernestoffGrenser for ytringsfridommen
KjernestoffTrugsmål mot prinsippet om ytringsfridom
KjernestoffMedia som den fjerde statsmakta
KjernestoffMedia som aktør og arena
KjernestoffDebatt
Kjernestoff- Kjernestoff
Slik skriv du eit debattinnlegg Du er her
Debatt, medium og offentlegheit
KjernestoffNår debatt endrar verda
KjernestoffNår debatt blir ubehageleg
KjernestoffYtringsfridom og pressefridom
KjernestoffOffentlege personar og allmenta si interesse
KjernestoffPersonvern og offentlege personar
KjernestoffPressefridom, vegen til demokrati
KjernestoffKritisk presse – eit teikn på demokrati
KjernestoffJournalist – eit risikoyrke
KjernestoffMediekvardag i Etiopia
KjernestoffMediekvardag i Iran
KjernestoffMediekvardag i Chile
KjernestoffSosiale medium i teneste for folket
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Ytringsfridom og demokrati
KjernestoffKva kan du no om maktfordeling?
KjernestoffOppgåver om mediemakt
KjernestoffTa debatten!
KjernestoffDebatt, medium og eigne meiningar
KjernestoffVurder ein debatt
KjernestoffKorleis bør vi debattere?
KjernestoffKva er ytrings- og pressefridom?
KjernestoffKvar går grensene for ytringsfridomen?
KjernestoffKva synest du om NRK si fyllefilming?
KjernestoffKjendisslagsmålet
KjernestoffYtringsfridom i dag
KjernestoffYtringsfridom når terroren rår
KjernestoffMediestruktur og demokrati
KjernestoffBurma VJ
KjernestoffDagen Facebook gjekk i svart
Kjernestoff
Kildemateriale
Ytringsfridom i Rwanda og på Sri Lanka
KjernestoffRaseriet over den tomme stolen
KjernestoffHistoriske nyheitsbilete
Kjernestoff