Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. Media i samfunnetChevronRight
  4. Ytringsfridom og demokratiChevronRight
  5. Dagen Facebook gjekk i svartChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Dagen Facebook gjekk i svart

Makthavarar over heile verda har interesse av å kontrollere informasjonen om det som skjer. Journalistar blir opplevd som ein fiende, og trua til å teie. Pressefridomen har derfor ingen verdi om han ikkje blir fulgt opp med pressetryggleik.

Stillbilde fra videoen som viser henrettelsen av journalisten James Foley.
Stillbilete frå videoen som viser avrettinga av journalisten James Foley.

Undervisningsopplegget er laga i samarbeid med Kampanjen for journalistikken

Åtak på journalistar

Pressefolk frå heile verda reagerte då ekstremistgruppa IS, Den islamske staten, sende ut ein video som viste halshogginga av den amerikanske journalisten James Foley. Mange valde å byte ut profilbiletet sitt med eit svart sørgjebilete.

James Foley arbeidde som frilansjournalist. Det vil seie at han ikkje er fast tilsett i ein redaksjon, men arbeider på eiga hand og sel sakene sine til dei redaksjonane som er interesserte. Det gir journalisten større fridom, men ein tek også større risiko, med fare for eige liv.

Det er mange journalistar i verda som utset seg sjølv for fare på oppdrag. Dei to svenske journalistane Martin Schibbye og Johan Persson blei dømde til elleve års fengsel for ulovleg innreise og det styresmaktene trudde var stønad til terrorverksemd i Etiopia. Til slutt blei dei gitt nåde i samband med etiopisk nyttår og kunne reise heim.

Pressefridom og pressetryggleik

Kjersti Løken Stavrum, dåverande generalsekretær i Norsk Presseforbund, seier til NRK Ytring

Vi skal ikke tåle drap på noen sivile. Men når budbringeren blir tatt til fange og deretter drept, får det noen ringvirkninger det er nødvendig å be om oppmerksomhet om. For det er ikke lenger nok å kjempe for pressefrihet, for friheten til å kunne fortelle hva som skjer og spre fragmenter av virkeligheten slik at summen gir en nødvendig forståelse og innsikt. Drapet på Foley minner om at pressefriheten er uten verdi hvis den ikke pares med pressetrygghet. Nå vet vi at budbringerne er utrygge. Det undergraver selvfølgelig pressefriheten.

Les resten av innlegget Truslene mot budbringerne

Oppgåve 1

Gjer eit søk på nettet etter fleire eksempel på journalistar som anten er eller har vore utsette for stor fare i arbeidet sitt.

Vel deg ut eitt eksempel og førebu ein presentasjon på fem minutt for ein medelev eller heile klassa.

Oppgåve 2

Den russiske journalisten Elena Kostjutsjenko (Kostyuchenko) begynte å jobbe som journalist då ho var 14 år, i ei avis som blei kontrollert av lokale styresmakter. Les artikkelen Tøffere for russiske journalister.

a) Kva fortel artikkelen om arbeidstilhøva for journalistar i Russland?

b) Artikkelen er publisert i oktober 2012. Finn ut om tilhøva har endra seg til det betre eller det verre.

Læringsressursar

Ytringsfridom og demokrati

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Debatt

  • SubjectMaterialFagstoff

    Hatefulle ytringar i sosiale medium

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Pressefridom, vegen til demokrati

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kritisk presse – eit teikn på demokrati

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Journalist – eit risikoyrke

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Etiopia

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Iran

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Chile

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sosiale medium i teneste for folket

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Bør ein sensurere nett-trolla?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ytringsfridom i dag

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ytringsfridom når terroren rår

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Mediestruktur og demokrati

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Burma VJ

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Pressesensur i Aserbajdsjan

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Ytringsfridom i Rwanda og på Sri Lanka

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Raseriet over den tomme stolen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff