Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. Media i samfunnetChevronRight
  4. Ytringsfridom og demokratiChevronRight
  5. Raseriet over den tomme stolenChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kildemateriale

Raseriet over den tomme stolen

10. desember 2010 tildelte leiaren av Nobelkomiteen, Thorbjørn Jagland, Fredsprisen til ein tom stol. Liu Xiaobo sat i ei fengselscelle i Kina medan seremonien gjekk føre seg i Oslo rådhus.

En tom stol representerte Liu Xiaobo under fredsprisutdelingen i Oslo i 2010.
Ein tom stol representerte Liu Xiaobo under fredsprisutdelinga i Oslo i 2010.

Av Sven Egil Omdal

Kor mange stolar ville stått tomme om Liu i dag skulle ha klart å rømme og komme seg til Oslo for å ta i mot den medaljen som er hans? Ville kong Harald våga å møte fram? Ville Regjeringa vore representert? Ville Arbeidarpartiet klappe, eller ville dei sitte musestille og gjort Youngstorget til Den himmelske freds plass?

Liu Xiaobo fekk prisen for ytringar som burde vore sjølvsagde i alle land, men som er straffbare i Kina, og som dessverre også er blitt upassande i Noreg. Han kravde meir demokrati i eit land som er i ferd med å bli ein av dei mektigaste statane i verda. Dette rimelege kravet førte til at Liu i 2009 blei dømt til 11 års fengsel for "oppfordring til undergraving" av den kinesiske statsmakta. 14 dagar før vi skulle feire to hundre år med sjølvstende, har dei fremste representantane for den norske statsmakta late seg presse til eit audmjukt knefall for det same regimet.

I 200 år har Noreg hatt ein formell ytringsfridom som i praksis er blitt undergraven og svekt av politiske vedtak. Innåt har Stortinget og vekslande regjeringar sett dydigheit, religiøse kjensler og omtanke for dei sårbare framfor retten til frie ytringar. Utåt, og spesielt i høve til stormaktene, har Noreg ofte demonstrert ein deprimerande mangel på ytringsmot. Vi kan saktens føre dialog, men vi bør ikkje demonstrere at vi er usamde så tydeleg at det gir utslag på handelsbalansen eller trugar vår eigen tryggleik. Det var det som skjedde då Høgre og Aftenposten i 1936 åtvara mot å gi Fredsprisen til den tyske dissidenten Carl von Ossietzky, og det var det som skjedde då Høgre for nokre dagar sidan nekta å møte den tibetanske dissidenten Dalai Lama. Aftenposten har heldigvis komme på langt betre tankar sidan 1936.

Innåt har avgrensingane av ytringsfridomen vore mange. Filmsensuren, som blei innført i filmen sin mest uskuldige barndom, gjekk opp i ei høgre eining med blasfemiparagrafen til vern om Gud då Monty Pythons Life of Brian blei forboden i 1980.

Den såkalla rasismeparagrafen, paragraf 135a i straffelova, som blei innført i 1970 som ei følgje av at Noreg slutta seg til FN-konvensjonen mot rasediskriminering, er med tida utvida til ein katalog over grupper som skal ha eit spesielt vern mot "diskriminerande eller hatefulle" ytringar; farga, etniske minoritetar, truande, homofile og funksjonshemma. Høgsterett brukte paragrafen då dei i 2012 dømte ein mann frå Stavanger til fengsel på vilkår i 18 dagar, pluss ei bot på 15 000 kroner for å ha kalla dørvakta på ein utestad i byen for "jævla neger".

Bøker er blitt beslaglagde, som oftast på grunn av seksuelle skildringar som i dag kunne stått i Magasinet til Dagbladet utan å vekkje oppsikt. Filmar er blitt forbodne og ytringar straffa, trass i formuleringa i paragraf 100 i Grunnlova om at frimodige ytringar "om Statsstyrelsen og hvilkensomhelst anden Gjenstand" er tillate.

Brotsverket til Liu Xiaobo er ikkje spotting av Gud eller rasisme. Han krenkjer ikkje homofile og skildrar ikkje kjønnsorgan i rørsle. Han er dømt for handlingar som utgjer kjernen i ytringsfridomen: Kritikk av den urettferdige staten. Då Stortinget sin presidentskap og Regjeringa ikkje berre sa nei til å møte Dalai Lama, men grunngav avslaget med redsla for korleis Kina ville reagere, viste dei tydeleg til reaksjonane på tildelinga av Fredsprisen til Liu Xiaobo. Dalai Lama har vore i Noreg ti gonger før, han har møtt statsministrar og andre politiske leiarar. Det er den tomme stolen frå 2010 som er skilnaden.

Når den norske regjeringa bøyer kne for eit sinne utløyst av at Nobelkomiteen gav prisen til ein mann som nytta seg av det berande prinsippet i vår eiga grunnlov, var det ikkje berre besøket til Dalai Lama som blei amputert. Det er heller ikkje så mykje att av grunnlovsjubileet.

Læringsressursar

Ytringsfridom og demokrati

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Hatefulle ytringar i sosiale medium

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Pressefridom, vegen til demokrati

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kritisk presse – eit teikn på demokrati

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Journalist – eit risikoyrke

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Etiopia

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Iran

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Chile

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sosiale medium i teneste for folket

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Bør ein sensurere nett-trolla?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ytringsfridom i dag

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ytringsfridom når terroren rår

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Mediestruktur og demokrati

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Burma VJ

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Pressesensur i Aserbajdsjan

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Dagen Facebook gjekk i svart

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Ytringsfridom i Rwanda og på Sri Lanka

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff