Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. Media i samfunnetChevronRight
  4. Ytringsfridom og demokratiChevronRight
  5. Mediekvardag i IranChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Mediekvardag i Iran

Ytringsfridom og pressefridom er nedfelte i FN-konvensjonen om menneskerettar. I Iran blir journalistar fengsla og torturerte, sjølv om landet prinsipielt har pressefridom.

Om pressesensur i Iran

Reporterar i eksil

Sheida Jahanbin og Madyar Samienejad er to aktive iranske journalistar som har valt å setje søkjelys på maktovergrep og brot på menneskerettar i heimlandet sitt. Reporterar utan grenser omtalar bloggen til Madyar som den beste nyheitsbloggen i verda.

Portrett Sheida Jahanbin
Sheida Jahanbin har laga radiodokumentar for NRK om korleis det er å komme som politisk flyktning til Noreg.

Madyar blei fengsla og torturert av iranske styresmakter for verksemda si som journalist, og saman med Sheida valte han derfor i 2010 å flykte frå landet og søkje politisk asyl i Noreg. Herfrå held dei to unge journalistane fram med å blogge om brot på menneskerettar og situasjonen for politiske fangar i Iran. Draumen er ein gong i framtida å kunne vende attende til eit fritt og demokratisk Iran.

Min bit av himmelen

0:00
Min bit av himmelen

Pressefridom og menneskerettar

FN deler menneskerettane inn i to hovudgrupper:

  • Økonomiske, sosiale og kulturelle rettar handlar om retten til å få dekt grunnleggjande behov.
  • Politiske og sivile rettar handlar om rettstryggleik, likebehandling og ytringsfridom.

Dei aller fleste land i verda, også Iran, har slutta seg til menneskerettskonvensjonane. I artikkel 19 i FNs menneskerettskonvensjon heiter det mellom anna:

Enhver skal ha rett til ytringsfrihet; denne rett omfatter frihet til å søke, motta og meddele opplysninger og tanker av alle slag, uten hensyn til landegrenser, enten i muntlig, skriftlig eller trykt form, eller ved kunstneriske eller andre uttrykksmidler etter eget valg.

Ytringsfridom blir altså omtalt som ein sentral rett som alle menneske har, uansett styreform.

Rolla til media i eit teokrati

Ifølgje World Wide Press index er Iran blant dei landa i verda som skårar lågast på pressefridom, berre slått av Eritrea, Nord-Korea og Turkmenistan. Rangeringa er basert på kriterium som sensur, vald mot journalistar, undertrykkjande lovverk og statlege mediemonopol.

Styreforma i Iran er ei blanding av demokrati og teokrati. Eit anna ord for teokrati er prestestyre. Sjølv om dei politiske leiarane blir valde av folket for fire år om gongen, er det den adelege leiaren som er den øvste leiaren i landet. Han kontroller både politi- og militærvesenet, rettsapparatet og massemedia. Den religiøse lova, sharia, er overordna dei andre lovene i landet.

Grunnlova av 1979 garanterer i prinsippet pressefridom. Men aviser må ha offentleg lisens, og journalistar og redaktørar som publiserer artiklar som krenkjer religionen, leiande religiøse leiarar og den offentlege moralen, eller som fornærmar namngjevne personar, kan bli straffa. (Kjelde: Store norske leksikon)

Ingen land i verda fengslar fleire journalistar enn Iran. Mange av dei som blir fengsla, blir utsette for tortur. I praksis er det derfor ingen pressefridom.

Men når styresmaktene fjernar dei profesjonelle journalistane, hender det at folket sjølv tek på seg rolla som "borgarjournalistar". Ved hjelp av mobiltelefonar og sosiale medium sørgjer dei for at verda likevel får innsikt i det som skjer i landet. Det same gjer mange av dei iranske journalistane som har valt eit liv i eksil.

Læringsressursar

Ytringsfridom og demokrati

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Hatefulle ytringar i sosiale medium

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Pressefridom, vegen til demokrati

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kritisk presse – eit teikn på demokrati

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Journalist – eit risikoyrke

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Etiopia

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Chile

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sosiale medium i teneste for folket

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Bør ein sensurere nett-trolla?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ytringsfridom i dag

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ytringsfridom når terroren rår

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Mediestruktur og demokrati

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Burma VJ

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Pressesensur i Aserbajdsjan

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Dagen Facebook gjekk i svart

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Ytringsfridom i Rwanda og på Sri Lanka

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Raseriet over den tomme stolen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff