Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. Media i samfunnetChevronRight
  4. Ytringsfridom og demokratiChevronRight
  5. Pressefridom, vegen til demokratiChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Pressefridom, vegen til demokrati

Myanmar var lenge eit lukka diktatur utan pressefridom. I dag er det krefter som arbeider for eit mer demokratisk styresett. Democratic Voice of Burma er en uavhengig mediekanal som sender radio- og TV-sendingar til det burmesiske folket frå Oslo.

Democratic Voice of Burma

– Innbyggjarane i eit land utan pressefridom opplever seg sjølve som blinde og dauve, seier Aya Chan Naing i reportasjen ovanfor. Han er sjefsredaktør i den uavhengige radiokanalen Democratic Voice of Burma, som er ei viktig brikke i demokratiseringsprosessen i Myanmar.

Radiokanalen Democratic Voice of Burma starta i enkle lokale i Oslo i 1992. Informasjon og radioopptak blei smugla ut av heimlandet og kringkasta frå Noreg via satellitt og kortbølgjesendarar. Frå og med 2005 har redaksjonen også overført TV-sendingar til heimlandet via Internett.

Eit lukka diktatur

Burma, eller Myanmar som landet i dag offisielt heiter, innførte pressefridom i 1949. Men då militærjuntaen overtok makta i 1962, tok staten makta over media. Journalistar som formilda informasjon som styresmaktene ikkje likte, blei kasta i fengsel. I mange år var Myanmar eit av dei mest lukka diktatura i verda.

I Myanmar bur det mange ulike folkegrupper som delvis er i konflikt med kvarandre. Men i vår del av verda har fokuset vore retta mot kampen mellom styresmaktene og opposisjonen. Då Aun San Suu Kyi vitja Noreg i 2012 for å halde Nobel-foredraget sitt, lova viseinformasjonsministeren i Myanmar at det i løpet av kort tid vil bli innført pressefridom i Myanmar, slik at Democratic Voice of Burma etter kvart kan etablere seg i heimlandet sitt.

Sjefsredaktør for Democratic Voice of Burma, Aya Chan Naing, meiner at pressefridom vil vere svært viktig for demokratiseringa i Myanmar.

– Det vi treng i landet vårt, er meiningsmangfald og mediekritikk, seier han til nrk.no.

Burma VJ

Dokumentaren Burma VJ viser korleis arbeidsforholda var for journalistar i Myanmar under diktaturet. blei i 2009 nominert til Oscar for beste dokumentarfilm. Filmskaparen Anders Østergaard gir oss eit innblikk i liva til burmesiske videojournalistar. Med fare for eige liv og helse lagar dei reportasjar om tilhøva i det lukka landet sitt. Materialet blir smugla ut av landet og kringkasta via satellitt tilbake til det burmesiske folket.

Klipp fra dokumentaren Burma VJ

Her kan du sjå dei fire første minutta av den prislønte dokumentaren.

Læringsressursar

Ytringsfridom og demokrati

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Hatefulle ytringar i sosiale medium

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kritisk presse – eit teikn på demokrati

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Journalist – eit risikoyrke

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Etiopia

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Iran

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mediekvardag i Chile

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sosiale medium i teneste for folket

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Bør ein sensurere nett-trolla?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ytringsfridom i dag

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ytringsfridom når terroren rår

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Mediestruktur og demokrati

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Burma VJ

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Pressesensur i Aserbajdsjan

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Dagen Facebook gjekk i svart

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Kildemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Ytringsfridom i Rwanda og på Sri Lanka

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SharedResourceDelte ressurser

    Raseriet over den tomme stolen

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff