Ytringsfridom og trykkjefridom vart lovfesta i den grunnlova den nye nasjonen Noreg fekk i 1814. Men ytringsfridom er ikkje berre ein individuell rett. Grunnlova gir staten eit spesielt ansvar for at ulike grupperingar i samfunnet skal kunne komme til orde.

Ytringsfridommen er grunnlovsfesta
I Noreg er ytringsfridommen ein rett nedfelt i Grunnloven § 100. I lova kan vi lese i eit litt omstendeleg språk:
Ingen skal kunne holdes rettslig ansvarlig for å ha meddelt eller mottatt opplysninger, ideer og budskap.
I lova får vi også ei grunngiving for at vi treng ytringsfridom. Ytringsfridom er nemleg ein føresetnad dersom vi skal kunne søkje sanning og ha eit demokrati basert på den frie meiningsdanninga til individet. Berre tenk deg korleis det hadde vore å velje representantar til Stortinget utan informasjon om kva dei som stilte til val, meinte om ulike saker.
Trykkjefridom
I det aller første punktet i Ver Varsam-plakaten kan vi lese:
Ytringsfridom, informasjonsfridom og trykkjefridom er grunnelement i eit demokrati. Ei fri, uavhengig presse er blant dei viktigaste institusjonane i demokratiske samfunn.
Media speler ei viktig rolle når det gjeld å formidle kva einskildpersonar og ulike grupper i samfunnet vårt meiner om ulike spørsmål. Det er i media vi får høyre om aktuelle saker, og det er jobben til journalistane å undersøkje og stille kritiske spørsmål på vegner av oss.
Staten sitt ansvar
Den siste setninga i Grunnlova § 100 blir derfor mediepolitisk viktig. Der kan vi lese:
Det påligger statens myndigheter å legge forholdene til rette for en åpen og opplyst offentlig samtale.
Dette kravet blir gjerne kalla «infrastrukturkravet». At staten har eit ansvar for at det er mogleg å ha ytringsfridom, syner kor viktig ytringsfridommen er for å kunne ha eit velfungerande demokrati.
Det er også her vi finn grunngivingar for å ha ein aktiv mediepolitikk. Alle dei mediepolitiske ordningane med momsfritak og pressestønad kan sjåast som tiltak nettopp for å leggje tilhøva til rette for at det faktisk er mogleg med reell ytringsfridom i landet.
Det same gjeld utbygginga av eit godt skulesystem. Veit vi ikkje kva vi snakkar om, kan vi ytre oss så mykje vi vil, men vi kjem kanskje ikkje så mykje lenger dersom vi verken kan lese, skrive eller ha kunnskap om og forståing av det som skjer i samfunnet.
Læringsressursar
Ytringsfridom og demokrati
Læringssti
Ytringsfridom og demokrati
KjernestoffGrenser for presse- og ytringsfridomen
KjernestoffMedia som den fjerde statsmakta
KjernestoffDebatt i media
Kjernestoff
Fagstoff
Ytringsfridom og demokrati
KjernestoffYtringsfridom i terroren si tid
KjernestoffGrenser for ytringsfridommen
KjernestoffTrugsmål mot prinsippet om ytringsfridom
KjernestoffMedia som den fjerde statsmakta
KjernestoffMedia som aktør og arena
KjernestoffDebatt
KjernestoffSlik skriv du eit debattinnlegg
KjernestoffDebatt, medium og offentlegheit
KjernestoffNår debatt endrar verda
KjernestoffNår debatt blir ubehageleg
KjernestoffYtringsfridom og pressefridom
KjernestoffOffentlege personar og allmenta si interesse
KjernestoffPersonvern og offentlege personar
KjernestoffPressefridom, vegen til demokrati
KjernestoffKritisk presse – eit teikn på demokrati
KjernestoffJournalist – eit risikoyrke
KjernestoffMediekvardag i Etiopia
KjernestoffMediekvardag i Iran
KjernestoffMediekvardag i Chile
KjernestoffSosiale medium i teneste for folket
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Ytringsfridom og demokrati
KjernestoffKva kan du no om maktfordeling?
KjernestoffOppgåver om mediemakt
KjernestoffTa debatten!
KjernestoffDebatt, medium og eigne meiningar
KjernestoffVurder ein debatt
KjernestoffKorleis bør vi debattere?
KjernestoffKva er ytrings- og pressefridom?
KjernestoffKvar går grensene for ytringsfridomen?
KjernestoffKva synest du om NRK si fyllefilming?
KjernestoffKjendisslagsmålet
KjernestoffYtringsfridom i dag
KjernestoffYtringsfridom når terroren rår
KjernestoffMediestruktur og demokrati
KjernestoffBurma VJ
KjernestoffDagen Facebook gjekk i svart
Kjernestoff
Kildemateriale
Ytringsfridom i Rwanda og på Sri Lanka
KjernestoffRaseriet over den tomme stolen
KjernestoffHistoriske nyheitsbilete
Kjernestoff