Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. MediebransjenChevronRight
  4. MarknadsføringChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Marknadsføring

I reklamebransjen jobbar det personar med mange ulike yrkestitlar og kompetansar. Dei jobbar ofte i team for ein oppdragsgivar. Oppdraget deira er å gjere merkevarer sterkare og betre kjende, og å auke salet av varer og tenester.

Ei jente held ei såpe. Foto.

Å endre åtferd

Å jobbe med reklame handlar om å skape og endre haldningar og få kundar til å endre åtferd, altså kjøpe eit bestemt produkt eller kjøpe eit produkt framfor eit anna. Gjennom langsiktig merkevarebygging og reklamekampanjar kan eit reklamebyrå hjelpe ein oppdragsgivar med å få fleire kundar og selje fleire varer og tenester. Å jobbe som reklamearbeidar handlar om å forstå målgruppene sine og på kreativt vis treffe dei med ein positiv bodskap om eit produkt.

Du får mellom anna innblikk i korleis ein reklamefilm blir planlagd i reklamebyrået Reaktor. Her blir du kjend med dei mest vanlege yrka i reklamebransjen. Arbeidet handlar om å komme opp med idear, gode historier og presise bodskapar som får forbrukarane til å draume, og tilpasse bodskapen til ulike kanalar og brukarmønster.

Arbeidsprosessen

I arbeidsprosessen blir det ofte brukt idéverktøy som stoppeffekt og AIDAS. Ein idé skal kunne tilpassast ulike medium, som TV, aviser og nettaviser, YouTube og radio. Du skal blir betre kjend med sjangrane annonser, radiospot og reklamefilm, og du får jobbe med å forstå at reklame kjem i ulike format avhengig av kor han skal publiserast, og kor mykje det kostar.

Regulering

Reklamebransjen og marknadsføring er regulert, det vil seie at det finst grenser for kva det er lov å reklamere for, og korleis det skal gjerast. For eksempel er det forbode å reklamere for alkohol og tobakk i Noreg. Reklame skal dessutan alltid merkast om det er tvil om det kan oppfattast som redaksjonelt stoff.

Læringsressursar

Marknadsføring

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale