Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. MediebransjenChevronRight
  4. KommunikasjonsverksemdChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Kommunikasjonsverksemd

Kommunikasjonsbransjen er i rask vekst. I løpet av dei siste 15 åra har medlemsmassen i kommunikasjonsforeininga nær dobla seg. Ein kommunikasjonsrådgivar har ansvar for å lage og spre informasjon om ei verksemd.

Ein bransje i vekst

Stadig fleire bedrifter – både offentlege og private – vel å tilsetje eigne kommunikasjonsrådgivarar. Det same gjeld offentlege etatar, politiske parti og organisasjonar.

Som forbrukarar i Noreg kan vil velje og vrake i produkt og tenester. Kommunikasjonsbransjen hjelper bedrifter å byggje eit godt omdømme slik at vi vel det nettopp dei kan tilby. Dei førestillingane vi har om arbeidet til ulike organisasjonar, som for eksempel Lækjarar utan grenser, blir i stor grad forma av det vi ser, høyrer og les om arbeidet deira i ulike medium. Ei god presseomtale gjer at fleire gir pengar til verksemda deira.

I dag er både tradisjonelle medium og sosiale medium viktige arenaer for samfunnsdebatt. Dersom du ønskjer å bli statsminister i Noreg, må du gjere ein god figur på TV-skjermen. Du må også kunne kommunisere med potensielle veljarar på Facebook og Twitter. Då er ein kommunikasjonsrådgivar god å ha.

Å jobbe i kommunikasjonsbransjen

Yrkesnemningar som kommunikasjonsrådgivar, PR-konsulent og informasjonsmedarbeidar blir ofte brukte om kvarandre i kommunikasjonsbransjen. Felles for dei alle er at dei har ansvar for å informere offentlegheita eller publikum om kva bedrifta jobbar med. Dei har også ansvaret for god internkommunikasjon.

Eit viktig omgrep når ein jobbar med kommunikasjon, er omdømme. Dette handlar om korleis etaten, bedrifta eller organisasjonen blir oppfatta av publikum. Mange oppdragsgivarar er avhengig av eit godt omdømme for å nå måla sine, anten det gjeld å selje meir, skape sympati for eit velgjerande føremål eller å vinne eit val.

Arbeidsoppgåvene til ein kommunikasjonsrådgivar kan bestå i

  • mediekontakt
  • PR-verksemd
  • internkommunikasjon
  • oppdatering på utviklinga i bransjen
  • direktekommunikasjon

Læringsressursar

Kommunikasjonsverksemd

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale