Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. MediebransjenChevronRight
  4. Medieyrker og elevproduksjonChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Medieyrker og elevproduksjon

Felles for yrkesutøvarar som jobbar innan journalistikk, informasjonsverksemd og marknadskommunikasjon, er at dei har ein klar bodskap som dei ønskjer å formidle til ei målgruppe. Men føremålet med formidlinga og måten dei formidlar bodskapen på, er forskjellig.

Kameramann under opptak. Foto.

Journalistikk, informasjon og reklame

Journalistikken sitt hovudoppdrag er å gi befolkninga sannferdig informasjon om det som skjer i verda. Oppdragsgivar for journalistane er i siste instans deg og meg. Informasjonsverksemd handlar om å informere befolkninga eller forbrukarane på vegner av ein bestemd oppdragsgivar. Føremålet med reklamen, eller marknadsdskommunikasjon, er å selje eit produkt på vegner av ein leverandør. På kvart at desse områda finst det lover og reglar som yrkesutøvarane må kjenne til og forholde seg til.

Bransjar med mange yrkesgrupper

Yrkesgrupper som medieprodusentar, journalistar, webansvarlege, fotografar, grafikarar og illustratørar finn vi både i nyheitsbransjen, informasjonsbransjen og reklamebransjen. Underhaldningsbransjen omgir seg ofte med heilt andre yrkesgrupper, som produsentar, regissørar, scriptar og programleiarar. Medieyrke av meir teknisk art finn vi i alle bransjar. Nye medieyrke blir stadig utvikla i takt med at teknologi og medievanar endrar seg.

Frilansarar

Ein frilansar er ein person som ikkje er tilsett i ei mediebedrift, men leverer medieuttrykk på bestilling eller som tilbod til etablerte bedrifter. Nokre av frilansarane jobbar for å etablere seg på marknaden med fast tilsetting som mål. Andre trivst med sjølvstendet og fridomen det gir å ikkje ha ein fast arbeidsgivar. Mange som jobbar i mediebransjen, har på eit eller anna tidspunkt vore frilansar. Det kan vere ein måte å finne ut korleis ein trivst i yrket, på. Dei fleste frilansarar har etablert enkeltpersonføretak – altså ei eiga næringsverksemd – og sender oppdragsgivarar rekning for arbeidet via det.

Elevproduksjoner

Gjennom arbeid med elevproduksjonar kan du prøve ut arbeidsoppgåver som høyrer til ulike medieyrker og finne ut kva du likar og kva som passar deg best.

Læringsressursar

Medieyrker og elevproduksjon