Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. MediebransjenChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
  5. KjeldemaktChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kjeldemakt

Journalistar er avhengige av å få informasjon frå ulike kjelder. Men kjelder kan vere upålitelege. Profesjonelle kjelder prøver å påverke medieoppslag til eigen fordel, og det finst kjelder som ønskjer å spreie falsk informasjon.

Den amerikanske valkampen i 2016 retta merksemda til media mot falske nyheiter. Kjelder freista å påverke utfallet gjennom å spreie løgnaktig informasjon. Dette streka under kvifor journalistar alltid må undersøkje om kjeldene er truverdige.

Media er avhengige av gode kjelder

For å kunne fylle samfunnsoppgåva si og sikre tilgangen på vesentleg informasjon er media avhengige av gode kjelder. Derfor har ikkje berre journalistane, men også kjeldene, makt. Ver Varsam-plakaten pålegg journalistane å verne kjeldene sine, og peiker på at det er eit grunnleggjande prinsipp i eit fritt samfunn.

Samstundes må journalistane vere kritiske når dei vel kva for kjelder dei vil bruke, og kontrollere at dei opplysingane som kjem fram, er korrekte. I Ver Varsam-plakaten § 3.2 heiter det vidare:

Det er god presseskikk å tilstrebe bredde og relevans i valg av kilder. Vær spesielt aktsom ved behandling av informasjon fra anonyme kilder, informasjon fra kilder som tilbyr eksklusivitet, og informasjon som er gitt fra kilder mot betaling.

Profesjonelle kjelder

Nyheitsmedia skjer ned på bemanninga. Samstundes veks det fram ein hær av informasjonsarbeidarar som tilbyr redaksjonane ferdige pakkar med stoff. Medan talet på journalistjobbar går ned, stig talet på PR- og informasjonsarbeidarar.

Kjeldene er i større grad blitt dyktige mediestrategar, seier Martin Eide. Derfor er det viktig at redaksjonane er kjeldekritiske, slik at dei ikkje blir nikkedokker for dei som har pengar til å tilsetje profesjonelle medierådgjevarar og PR-folk.

Ver Varsam-plakaten § 2.2 seier dette om journalistisk integritet:

Den enkelte redaksjon og den enkelte medarbeider må verne om sin integritet og troverdighet for å kunne opptre fritt og uavhengig i forhold til personer eller grupper som av ideologiske, økonomiske eller andre grunner vil øve innflytelse på det redaksjonelle innhold.

Dei politiske partia har eigne kommunikasjonsrådgjevarar. Her er vi fluge på veggen når Raymond Johansen i Arbeidarpartiet blir førebudd til TV-debatt i beste sendetid i 2009:

Læringsressursar

Journalistikk

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale