Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. MediebransjenChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kjeldebruk og kjeldekritikk i journalistikk

Kjelder kan vere skriftlege, munnlege, observasjonar eller paratviten. Ein journalist bør som oftast bruke fleire kjelder. Ver varsam-plakaten pålegg journalisten å vurdere om kjelda er relevant og truverdig.

TV2 om kjeldekritikk. Denne videoen er laga for Kampanje for journalistikk.

Relevant og truverdig informasjon

Journalistar er avhengige av å kunne bruke mange forskjellige kjelder når dei jobbar med ei sak.

  • skriftlege kjelder
  • munnlege kjelder
  • observasjon
  • paratviten

Kjeldene må vere relevante. Det vil seie at dei personane journalisten hentar informasjon frå, må ha kunnskap og erfaring som kan kaste lys over saka. I tillegg bør kjeldene vere truverdige. Journalisten må kunne stole på at det kjelda fortel, er sant.

Ver varsam-plakaten pålegg journalistar å drive kjeldekritikk. Journalisten må kunne vurdere kvaliteten på kjelda og identifisere dei som gir falsk eller villeiande informasjon.

Skriftlege kjelder

Eksempel på skriftlege kjelder er bøker, artiklar, offentlege dokument og register. Slike kjelder er som oftast kvalitetssikra i utgangspunktet og tydeleg merka med forfattar eller avsendar. Men sjølv store mediebedrifter har blitt lurte av falske dokument. Det tyske magasinet ”Stern” trykte i 1983 det dei trudde var Hitlers dagbøker. Dei blei seinare avslørte som falske.

I dag er truleg Internett den arbeidsreiskapen journalistar bruker mest. Å "google” er ein vanleg måte å søkje informasjon på. Men dei store søkjemotorane, som for eksempel Google, kvalitetssikrar ikkje kva for sider du først treffer på. Den viktigaste og mest relevante informasjonen kan vere vanskeleg å finne.

Det går raskt å finne informasjon i nettbaserte oppslagsverk, som for eksempel Wikipedia. Men informasjonen du finn på Internett, er ikkje alltid kvalitetssikra. Nokre avsendarar har lite kunnskap om det dei skriv om, og nokre legg ut villeiande informasjon for å fremje eigne interesser. Det finst eksempel på at falske nyheiter har blitt plukka opp av fleire nettaviser og spreidde verda rundt før saka har blitt avkrefta. Slike falske historier blir kalla for ”avisender”.

Når du bruker internettkjelder, må du sjølv sjekke kven avsendaren er, og om opplysningane er korrekte. Det kan du gjere ved å samanlikne opplysningar frå fleire kjelder. Ein god regel er å unngå einkjelde-journalistikk.

Ein del organisasjonar sender ut eigne pressemeldingar. Slikt stoff kan vere fristande å bruke i ein travel kvardag. Men det er viktig å hugse på at pressemeldingar er skrivne av dyktige informasjonsmedarbeidarar som sjølve ønskjer å styre informasjonen om ei bestemt sak. Dersom du skal lage ei sak om oljeutvinning i eit sårbart område, kan det vere stort sprik mellom dei opplysningane du får frå oljeselskapa, og dei du får frå Bellona eller Naturvernforbundet.

Munnlege kjelder

Journalistar nyttar i stor grad munnlege kjelder i tillegg. Det er vanleg å skilje mellom offentlege og private kjelder. Eksempel på offentlege kjelder er forskarar, byråkratar og polititenestemenn. Slike kjelder har større truverde enn privatpersonar. Skal du lage ei sak om ei trafikkulykke, er eit intervju med skadestadsleiar av større sakleg verdi enn eit intervju med ein tilfeldig tilskodar.

Ver varsam-plakaten har reglar for korleis ein skal gå fram når ein brukar barn som kjelder, eller folk som er i kjenslemessig ubalanse. Hugs at munnlege kjelder kan lyge for å oppnå ein fordel.

Observasjon

Det du eller andre ser og høyrer, er også viktige kjelder. Dei som sjølve har vore vitne til ei hending, blir kalla førstehandskjelder. Slike kjelder blir sedde på som spesielt viktige.

Men hugs at menneske oppfattar det dei opplever, ulikt. To personar som har vore vitne til ei ulykke, kan kome med heilt forskjellig informasjon om det som hende. Det skuldast at vi tolkar det vi ser og høyrer ut frå den kunnskapen og dei erfaringane vi har frå før. Også journalisten sine eigne observasjonar er subjektiv informasjon.

Kan du vere di eiga kjelde?

I mange tilfelle har du allereie informasjon om eit emne som du har skaffa deg gjennom utdanning eller erfaring. Slik informasjon blir kalla paratviten. Bevisst eller ubevisst vil du bruke denne informasjonen som grunnlag for det vidare arbeidet ditt med ei sak.

Det er sjølvsagt ein fordel at du har erfaring frå eit område frå før, men gammal kunnskap kan i nokre tilfelle vere til hinder for å finne ny informasjon. Verda endrar seg, det du lærde på barneskulen kan vere forandra i dag. Skrivebordsjournalistikk er eit omgrep som blir brukt noko nedsetjande om journalistar som ikkje tek seg bryet med å skaffe seg ny kunnskap om ei sak.

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale