Ein avisreportasje består av fleire tekstdelar og som oftest eitt eller fleire bilete. Nyheitsartiklar blir gjerne bygde opp etter skrivemodellen Den omvende pyramiden. I ein reportasje er det vanleg å bruke skrivemodellen Fisken.

Nyheitsartikkel og nyheitsreportasje
Ein nyheitsreportasje i ei avis er meir omfattande enn ein vanleg nyheitsartikkel. Reportasjen består vanlegvis av fleire delar, for eksempel eit hovudoppslag, ei undersak, bakgrunnsinformasjon, notisar og enkét (”Fem på gata”). Reportasjen blir gjerne slått stort opp over fleire sider og med fleire bilete.
Ein annan forskjell mellom nyheitsartiklar og reportasjar er tidsaspektet. Ein nyheitsartikkel kjem gjerne ut så raskt som mogleg etter ei hending. Ein reportasje derimot kan publiserast også i dagane etter. Veldig ofte produserer ein journalist som er på staden, først ein nyheitsartikkel om sjølve saka til neste dag. Deretter kan journalisten produsere reportasjar til dei neste dagane.
Kanskje får vi vite korleis lokalmiljøet har blitt prega av hendinga. Kanskje får vi lese om korleis ein av hovudpersonane har opplevd tida etter hendinga. Kanskje får vi lese om korleis familien til nokre involverte har opplevd hendinga. Det er stort sett berre fantasien til journalisten som set grenser for kva ein kan lage ein reportasje om.
Ulik oppbygging
Nyheitsartiklar blir stort sett produserte etter skrivemodellen Den omvende pyramiden, der innhaldet blir presentert etter fallande viktigheit, altså med det viktigaste først.
Reportasjen har gjerne ei anna oppbygging. Veldig ofte blir skrivemodellen Fisken brukt. Fisken har eit hovud og ein kjeft med eit kraftig bitt. Hovudet svarer til ingressen i reportasjen, som gir lesaren eit innblikk i kva teksten dreier seg om, og som skal vekkje interesse og gi lyst til å lese resten.
Den viktige informasjonen kjem først og fremst i kroppen på fisken, og hovudpoenget blir gjerne spart til sist og kan samanliknast med den snerten som finst på halestykket eller fiskesporden.
Ei av årsakene til at reportasjar kan skrivast på denne måten, er at dei som les ein reportasje, ofte allereie er interesserte i det reportasjen handlar om. Kanskje har dei lese nyheitsartiklane om hendinga, og no ønskjer dei å få meir innsikt i miljøet rundt og kanskje spesielt i kjenslene og reaksjonane hos dei involverte. Mens ein nyheitsartikkel kan kuttast ukritisk bakfrå av folka på nyheitsdesken i avisa (det vil seie av dei som plasserer stoffet og utformar avissidene), må desken vere meir forsiktig når reportasjar skal endrast på. Her må dei gjerne snakke med journalisten slik at ikkje viktig informasjon forsvinn om dei kuttar vekk "fiskesporden”.
Feature-reportasjen
Feature-reportasjen kan ta utgangspunkt i ei aktuell hending, men svært ofte er det journalisten sjølv som set eit emne eller ein person på dagsordenen. Utfordringa blir da å vinkle stoffet og skrive så kreativt og godt at ein klarer å vekkje interesse hos lesaren og halde på han gjennom heile teksten. Også feature-reportasjen er oftast bygd opp etter mønster av Fisken.
Læringsressursar
Journalistikk
Læringssti
Innføring i journalistikk
KjernestoffÅ jobbe i nyheitsbransjen
KjernestoffMøte med munnlege informasjonskjelder
KjernestoffEtikk og kjeldebruk
KjernestoffJournalistiske sjangrar
KjernestoffLokalavisjournalistikk
KjernestoffJournalistikk og sosiale medium
Kjernestoff
Fagstoff
Journalistikk
KjernestoffYrke i nyheitsbransjen
KjernestoffÅ jobbe som nyheitsjournalist
KjernestoffÅ jobbe som nyheitsredaktør og vaktsjef
KjernestoffFleire redaksjonelle yrke
KjernestoffDen journalistiske arbeidsprosessen
KjernestoffPå jobb i Fædrelandsvennen
KjernestoffKjeldekritikk i journalistikk
KjernestoffMunnlege informasjonskjelder
KjernestoffIntervjuet
KjernestoffMunnlege kjelder i journalistisk arbeid
KjernestoffIntervju med ei munnleg kjelde
KjernestoffSubjektive og objektive sjangrar
KjernestoffOversikt over journalistiske sjangrar
KjernestoffNyheitskriterium
KjernestoffEtikk i journalistikken
KjernestoffPresseetikk og Ver Varsam-plakaten
KjernestoffLokalaviser og demokrati
Kjernestoff- Kjernestoff
Journalistiske skrivemodellarDu er her
Slik byggjer du opp teksten
KjernestoffÅ starte arbeidet med ein brødtekst
KjernestoffÅ gjere ferdig brødteksten
KjernestoffNyheiter i sosiale mediekanalar
KjernestoffNyheiter på Snapchat
KjernestoffKjeldebruk og kjeldekritikk i journalistikk
KjernestoffKjeldemakt
KjernestoffKjeldevern
KjernestoffSamarbeid mellom aviser
KjernestoffDen gode historien
KjernestoffNyheitskriterium
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Kva kan du no om journalistikk?
KjernestoffKva kan du om nyheitskriterium?
KjernestoffPrøv deg som journalist
KjernestoffMenneske som informasjonskjelder
KjernestoffSkrivemal: Nyheitssak basert på to kjelder
KjernestoffQuiz om subjektiv og objektiv journalistikk
KjernestoffPlasser sjangrar i rett kategori
KjernestoffRollespel om kjeldekritikk
KjernestoffTest om Ver Varsam-plakaten og PFU
KjernestoffKva kan du no om redaksjonelle yrke?
KjernestoffNyheitsbransjen i endring
KjernestoffReflekter over utviklinga i nyheitsbransjen
KjernestoffSjekk dagens nyheiter i sosiale medium
KjernestoffKorleis engasjere publikum på Facebook?
KjernestoffUndersøk og lag nyheiter på Snapchat
KjernestoffVurder lokalavisa di
KjernestoffSkriv ei nyheitssak
KjernestoffDei ubehagelege spørsmåla
KjernestoffIntervjuteknikk og objektivitet
KjernestoffIntervjuteknikk i valdebattar
KjernestoffJournalistrolla i endring
KjernestoffEr kjeldene truverdige?
KjernestoffWallraffing
KjernestoffSkal – skal ikkje?
KjernestoffIdentifiser kjeldene
KjernestoffEin heilt vanleg dag på jobben?
KjernestoffA Year Inside the New York Times
KjernestoffKriminalreporter på jobb
Kjernestoff
Kildemateriale
En helt vanlig dag på jobben
KjernestoffPage One: A Year Inside the New York Times
Kjernestoff