Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. MediebransjenChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Spillefilm

Page One: A Year Inside the New York Times

Frå 2009 til 2010 tek dokumentarfilmskapar Andrew Rossi oss med inn i nyheitsredaksjonen til New York Times. Mediebransjen er i stor endring; annonseinntektene søkk, fleire aviser går konkurs, og gravejournalistikken blir utfordra av nye, nettbaserte publiseringskanalar.

Filmdetaljar

År: 2011

Varigheit: 1 t 27 min

Sjanger: Dokumentar

Manus: Andrew Rossi, Kate Novack

Regi: Andrew Rossi

Foto: Andrew Rossi

Musikk: Paul Bill

Opphav: USA

Medverkande: Sarah Ellison, David Carr, Tim Arango, Brian Stelter, Bruce Headlam, Richard Perez-Pena, Clay Shirky, Alex Jones, Ian Fisher, Noam Cohen, Susan Chira, Bill Keller, Michael Hirschorn, Shane Smith, Gay Talese, David Remnick, James McQuivey, Andrew Ross Sorkin

Om filmen

Eit filmcrew følgjer det amerikanske avishuset New York Times gjennom eit heilt år. Sosiale medium, bloggar og videonettstader som YouTube har no gitt "vanlege" folk moglegheit til å publisere på nett. Filmen skildrar ein mediebransje i stor endring, og kva som står på spel dersom gravande journalistikk forsvinn.

Saman med resten ev den amerikanske mediebransjen opplever New York Times store utfordringar. Fleire av dei store og tradisjonsrike avisene går konkurs og må leggjast ned. Annonseinntektene til New York Times fell dramatisk, og aksjane stuper på børsane. Fleire spår undergangen til avishusa.

Page One: A Year Inside the New York Times hadde premiere på Sundance Film Festival i 2011 og har vore nominert til fleire filmprisar. Filmen er regissert av den amerikanske filmskaparen Andrew Rossi, som også er kjend for dokumentarfilmen Control Room, om Al Jazeeras dekning av invasjonen av Irak i 2003.

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale