Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. MediebransjenChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
  5. Undersøk og lag nyheiter på SnapchatChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Undersøk og lag nyheiter på Snapchat

Undersøk nyheitssaker på Snapchat, lag di eiga Snapchat-nyheit og vurder nyheiter som andre har laga.

Logoen til snapchat. Foto.

Oppgåve 1

  1. Gå inn på dagens VG-utgåve på Snapchat Discover.
    1. Kva for type saker blir presenterte der?
    2. Kva for visuelle element (bilete, video, tekst, farge, form) og lydkjelder er nytta?
    3. Er nokre av desse sakene også publiserte på VGs nettutgåve?
    4. Kva er forskjellen på ei snap-nyheit og ei nyheit publisert på nettavisa?
    5. Kva for form liker du best? Snap-saka eller nettavis-saka?
  2. Les gjennom denne saka frå 2017: VG først i Norden med Snap-nyheiter
    1. Kor mange journalistar jobba i snap-teamet til VG?
    2. Kva for type saker vart lagde ut på VG si Discover-utgåve?
    3. Korleis jobbar teamet med å lage snap-saker?
    4. Er dette framleis situasjonen for Snapchat-teamet i VG? Undersøk.
  3. Bruk VGs snap-utgåve som inspirasjon og lag din eigen nyheits-snap.
    1. Bruk ei sak frå nettavisa til VG som utgangspunkt.
      Det er mogleg å bruke PowerPoint eller eit anna presentasjonsverktøy til å byggje ein dummy av Snap-nyheita.
    2. Presenter nyheita ved hjelp av ulike visuelle element, som bilete, video, tekst og farge, samt lydkjelder.
    3. Jobb grundig med tekstane, dei skal vere korte og konsise.

Oppgåve 2

Vurder kvarande sine nyheits-snappar. Gå saman to og to og gi konstruktive tilbakemeldingar. Svar på desse spørsmåla:

  1. På kva måte engasjerer denne nyheits-snappen unge menneske?
  2. Kva for visuelle element er nytta, og korleis fungerer verkemidla?
  3. Gå inn på nettsaka som var utgangspunktet for nyheits-snappen. Er dei viktigaste sidene ved saka tekne med i snap-utgåva?
  4. Ta utgangspunkt i kjernen i journalistikken og reflekter rundt nyheits-snappen, gå inn på temaet, bodskapen og utforminga av saka. Er dette ei viktig sak?

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale