Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. MediebransjenChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
  5. Munnlege informasjonskjelderChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Munnlege informasjonskjelder

Er du nervøs, kan det godt vere du kjenner deg som ei lita mus i møte med nye menneske. Forstår du derimot korleis du kan vekkje tillit og truverd i eit intervju eller ein samtale, vil du komme langt med å få fatt i informasjon frå ei munnleg kjelde.

jente som ser tankefull ut. Foto.
Det kan kjennast skummelt å ta kontakt med ukjende menneske for å få ut den informasjonen du har behov for.

Når du som elev øver deg på profesjonelle arbeidsoppgåver, kan du nettopp møte slike utfordringar. Korleis skal eg te meg no som eg skal møte og snakke med ein vaksen? Mange kan grue seg for å ta ein telefon til ein person dei ikkje kjenner og ikkje eingong har sett andletet på. Andre kan blir veldig fritttalande og ha problem med å halde seg til saka eller ha fokus på samtalen som skal gjennomførast. Då skal du vite at det finst noko som heiter skikk og bruk i arbeidslivet. Det er noko du kan øve deg på, og som du kan lage sjekklister for.

Føremålet med å møte og samtale med ein person kan vere:

  • eit journalistisk arbeid
  • research før du går i gang med å produsere til dømes ein reklamefilm eller ein dokumentar
  • å hente inn informasjon frå ein oppdragsgivar for å kunne lage ein publikasjon
  • brukarintervju med potensielle brukarar av ei vare eller ei teneste

Møt mennesket

Same kva som er føremålet med eit intervju eller ein samtale, er det viktig å hugse på at det er du som er ute etter informasjon. Men sjølv om det er informasjonen du i utgangspunktet er interessert i, er det først og fremst eit menneske du skal møte. Korleis du møter informasjonskjelda di, kan ha alt å seie for kva informasjon du sit att med til slutt. Her er nokre gode råd:

  • by på deg sjølv
  • tenk på stemmebruk
  • ha augekontakt med den du snakkar med
  • ver tydeleg
  • ver til stades
  • ver nysgjerrig

Det er naturleg å oppleve det som ei utfordring dei første gongene du møter framande vaksne andlet til andlet for å få den informasjonen du treng. Då er det kjekt å vite at du som ungdom ofte har eit fortrinn fordi vaksne vil ha forståing for at du er nybyrjar.

Er du godt førebudd og følgjer god skikk, kan det godt hende du får reaksjonen: «Det er så lett å snakke med deg, nesten litt for lett!» Då har personen du har snakka med, kanskje sagt litt meir enn han eller ho hadde tenkt å seie.

Ikkje-profesjonelle kjelder

Ikkje-profesjonelle kjelder er gjerne privatpersonar som er mindre vane til å opptre som kjelder. Nokre gonger vil du ha kjelder som kan fortelje om noko dei har opplevd sjølve. Jo meir tabubelagt eit emne er, jo vanskelegare kan det vere å få tilgang til personleg informasjon, og jo viktigare er det å skape tillit i møtesituasjonen. Å gi høve til anonymitet kan også vere ei løysing for å framskaffe naudsynleg informasjon. Det kan for eksempel gjelde for helserelaterte tema.

I møte med ikkje-profesjonelle kjelder med mykje erfaring kan det vere lurt å bruke strukturerte spørsmål. Desse kjeldene er av og til blinde for eiga erfaring og kompetanse. Og det kan også vere lurt å spørje om å få komme med fleire spørsmål ved eit seinare høve.

Profesjonelle kjelder

Profesjonelle kjelder er kjenneteikna ved at dei ofte snakkar om og uttaler seg om saker som vedkjem interessene deira. Typiske profesjonelle kjelder er politikarar, sentrale personar innan næringsliv- og organisasjonsarbeid, ekspertar og forskarar. Det er også stadig fleire kommunikasjonsmedarbeidarar, som har kommunikasjon og informasjon som arbeid. Desse har ansvar for å utarbeide og spreie informasjon både internt og eksternt om tenester og produkt frå organisasjon, og for å snakke på vegner av organisasjonen.

KrF-leiar Knut Arild Hareide omgitt av pressefolk. Fotografi.
Topp-politikarar som er leiarar av politiske parti og medlemmer av storting eller regjering, kan du rekne for å vere profesjonelle kjelder.

Om du er på jakt etter fakta og statistikk, vender du deg gjerne til ein ekspert eller forskar. Desse profesjonelle kjeldene vil stort sett kunne gi deg objektive svar på spørsmåla dine. Vi stoler gjerne på at ein tilsett i Statistisk sentralbyrå eller i kommuneadministrasjonen er politisk og økonomisk uavhengig.

Men ei profesjonell kjelde kan også vere påverka av interesser, arbeid eller bakgrunn. Ein politikar vil fremje sin politiske ståstad. Og leiaren i ein organisasjon eller sjefen i ei bedrift vil fremje positive sider ved organisasjonen eller bedrifta. I dei tilfella kan det vere viktig å ha ei kjeldekritisk tilnærming til kjeldene sine.

Førstehands- og andrehandskjelder

Det er vanleg å dele kjelder inn i førstehandskjelder og andrehandskjelder eller primær- og sekundærkjelder. Ei førstehandskjelde fortel om noko han eller ho har opplevd sjølv, mens ei andrehandskjelde fortel om noko han eller ho har høyrt om frå andre.

Hugs å behandle kjelder ulikt

Du bør behandle kjelder ulikt. Det er stor skilnad på ein medievand person og ein som aldri har uttalt seg om noko før. Dersom du skal intervjue ein som er trent i å handtere pressa, kan du stille tøffare krav i intervjusituasjonen. Om den du intervjuar aldri er blitt intervjua før, bør du vere meir forsiktig med kva du publiserer.

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale