Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. MediebransjenChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
  5. Reflekter over utviklinga i nyheitsbransjenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Reflekter over utviklinga i nyheitsbransjen

Skriv ein refleksjonstekst

Sjå YouTube-videoen om korleis sosiale medium har endra journalistikken. Denne engelskspråklege filmen er laga av The Atlantic, eit stort amerikansk nyheitsmagasin. Bruk ei ordbok eller Google Oversetter til å setje om ord du ikkje er heilt sikker på kva tyder.

Skriv deretter ein kort refleksjonstekst basert på det du har lært om journalistikk og endringar i nyheitsbransjen. I teksten belyser du desse spørsmåla:

  1. Kva redaksjonelle yrke har endra seg dei siste tiåra? Gi døme.
  2. I filmen blir det referert til gamle og nye medium. Kva tyder desse omgrepa?
  3. Redaksjonsmedlemmene som blir intervjua, meiner Facebook er særleg viktig som nyheitsformidlar. Kvifor trur du at dei meiner det?
  4. Filmen sluttar med spørsmålet «Kven kan du stole på?» Er dette eit meir aktuelt spørsmål no når sosiale medium er ein viktig kanal for nyheitsformidling?
  5. Finst det fleire sosiale medium som formidlar nyheiter, enn Facebook og Twitter? Kva kjenneteiknar i så fall desse?
  6. Korleis trur du nyheitsformidling kjem til å skje i framtida?
  7. Kvifor trur du det er viktig for unge å få tilgang til nyheiter i framtida?

Eigenvurdering

Før du eventuelt leverer teksten din til ein lærar for vurdering, bør du ta ein kritisk gjennomgang av han:

  • Har du beskrive endringar i ulike delar av nyheitsbransjen, eller er eksempla dine berre henta frå eit bestemt område?
  • Har du grunngitt synspunkta dine på korleis framtida vil bli ?
  • I kva grad har du skrive ein sammenhengjande tekst som svarer på spørsmåla?

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale