Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. MediebransjenChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
  5. Nyheitsbransjen i endring ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Nyheitsbransjen i endring

Den teknologiske utviklinga har endra nyheitsvanene til publikum. Mens det for eit par tiår sidan var vanleg å abonnere på gjerne fleire aviser, stuper no opplagstala og med det også inntektene for nyheitsredaksjonane.

Mann leser avis på ipad på trikken. Foto.

Avisdøden har vore spådd nært føreståande i fleire år, og nyheitsredaksjonane er på desperat jakt etter inntektskjelder. Nokre har sett opp ein såkalla betalingsmur slik at ein må betale for nyheiter på nett, andre har forsøkt å vri seg meir over på annonsemarknaden.

Kva som kjem til å skje med nyheitsbransjen i åra framover, er uvisst. Men at det er viktig for demokratiet med ein fri og uavhengig nyheitsbransje som opplyser om kva som skjer i verda, er det liten tvil om.

Tør du satse på journalistyrket?

I mediekommentaren Klart du bør bli journalist har Sven Egil Omdal skrive om framtida for journalistyrket.

  • Kvifor er artikkelforfattaren skeptisk til stillinga Gøteborgs-Posten har utlyst?
  • Korleis trur Omdal det kan vere lurt å innrette seg om ein ønskjer å bli journalist?
  • Skriv ned tre argument for at det kan vere lurt å satse på ein karriere som journalist, og tre argument som taler mot eit slikt yrkesval.
  • Diskuter problemstillinga i klassen.

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale