Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. MediebransjenChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Fleire redaksjonelle yrke

På desken blir nyheitsstoffet bearbeidd og samanstilt. Researcherane sin jobb har vore å få fakta på bordet og kvalitetssikre informasjonen, og fotografane har levert biletmateriale. Nyheitsverten formidlar innhaldet til publikum.

Intervju med redigerar Linn Gjerstad i Bergensavisen

Desk og redigerar

Ulike redaksjonar har ulike yrkessamansetjingar. Mange store avishus har eigne personar som sit på «desken». Her jobbar redigerarane. Dei går over tekstane og bileta journalistane og fotografane har produsert, før dei blir publisert. Dei bestemmer gjerne saman med redaktøren eller vaktsjefen kva saker som skal få førstesideplass, og kva saker som skal få mindre plass. Dei rettar på journalistane sitt språk, betrar gjerne titlar og ingressar og kuttar nyheitstekstar bakfrå om dei er for lange.

Tarjei Leer-Salvesen har jobba som researcher både i NRK Brennpunkt og i Fædrelandsvennen.

Researcherar, fotografar og nyheitsvertar

I større fjernsynsredaksjonar er det vanleg å ha fleire researcherar, eller gravejournalistar. Dei jobbar med å finne fram til aktuelt bakgrunnsstoff i samband med gjester og å sjekke fakta i ulike saker.

Både film- og stillbiletfotografar er svært viktige yrke i nyheitsbransjen. Dei er heilt sentrale når det gjeld formidling av sakene nyheitsredaksjonen jobbar med.

Nyheitsvert, eller nyheitsanker, les nyheitene på fjernsyn og i radio.

I tillegg til desse yrka finst det ei rekkje andre yrke knytte til redaksjonelt arbeid. Mange redaksjonar har grafiske designerar, illustratørar, deskreporterar og andre yrke i staben sin.

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale