Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. MediebransjenChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
  5. Å jobbe som nyheitsredaktør og vaktsjef ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Å jobbe som nyheitsredaktør og vaktsjef

Ansvarleg redaktør har ansvar for alle nyheiter som kjem på trykk eller på lufta. Når redaktøren er borte, blir dette ansvaret delegert til vaktsjefen.

I denne videoen møter du nyheitsredaktør Dag Hellesund i Bergensavisen.

Redaktøren sine oppgåver

Vanlegvis blir nyheitsredaksjonen leia av ein redaktør. Nyheitsredaksjonen består av journalistar, vaktsjef, fotografar og dei som redigerer nyheitssaker på desken. Redaktøren avgjer kva saker det skal jobbast med, og korleis nyheitsmediet skal framstå.

Store redaksjonar har gjerne ei leiargruppe sett saman av fleire redaktørar med ulike ansvarsområde, som for eksempel kulturredaktør, politisk redaktør og nyheitsredaktør. Denne gruppa blir igjen leia av ein ansvarleg redaktør. Det er redaktøren eller ein i leiargruppa som skriv leiaren i ei avis. Leiaren syner redaksjonen sitt syn på ei sak.

Redaktørplakaten, som er laga av Norsk redaktørforening, inneheld ei beskriving av pliktene og rettane til redaktøren. Redaktørplakaten slår fast at den ansvarshavande redaktøren har det personlege og fulle ansvaret for innhaldet i mediet.

Redaktørane sitt ansvar kan oppsummmerast slik:

  • prioritere saker
  • følgje redaktørplakaten og Ver Varsam-plakaten
  • skrive leiarar
  • bestemme redaksjonen sitt fokus over tid
  • rettleie journalistane

Vaktsjefen sine oppgåver

Vaktsjefen er den som har ansvaret i redaksjonen dersom redaktøren er borte. Denne personen jobbar tett med redaktørane om å bestemme kva saker redaksjonen skal jobbe med, for eksempel på kvelds- eller helgeskift. Det er ikkje uvanleg at ein erfaren journalist er vaktsjef.

Leif Kjartan Bjørsvik fortel om jobben som «vaktsjef radio» hos NRK Hordaland.

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Samarbeid mellom aviser

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for fagstoff.

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Dei ubehagelege spørsmåla

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Er objektiv journalistikk feig journalistikk?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Intervjuteknikk og objektivitet

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Intervjuteknikk i valdebattar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Journalistrolla i endring

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for oppgaver og aktiviteter.