Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. MediebransjenChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Yrke i nyheitsbransjen

Nyheitsbransjen er berre ein liten del av mediebransjen, men sjølv i denne nisjen er det mange yrkesgrupper. Teknologisk utvikling og nye modellar for å skaffe lesarar og sjåarar har skapt behov for mange ulike kompetansar.

Redaktør Torry Pedersn held opp ein mobil med VG sine nettsider i VGs fjernsynsstudio. Fotografi.
Då VG feira 70 års-jubileet sitt i 2015, var ikkje Torry Pedersen lenger redaktør berre for ei papiravis, men også for ei nettavis og ein nyheitskanal på TV. Ei slik form for nyheitsformidling er avhengig av samarbeid mellom mange ulike yrkesgrupper

Nyheitsbransjen produserer uavhengige nyheiter

I dette læremiddelet har vi avgrensa omgrepet nyheitsbransjen til å gjelde dei som produserer nyheiter som ein del av ein uavhengig redaksjon. Ein slik nyheitsredaksjon er altså ikkje kjøpt av annonsørar eller andre som ønskjer seg ei spesiell vinkling. Typisk har dei forplikta seg på Ver Varsam-plakaten.

Det finst likevel eit grenseland utanfor dei etablere mediehusa, der skiljet mellom reklame og nyheitsformidling er meir diffust. Det kan for eksempel gjelde gratisaviser og bloggar.

Bransjen endrar seg

Ei tradisjonell inndeling av bransjen har vore nyheitsproduksjon for avis, radio og fjernsyn. Men dei siste par tiåra har dette endra seg. Teknologisk utvikling og kreativ tenking rundt nye modellar for korleis nyheitsbransjen kan tene pengar, gjer at bransjen består av mange fleire yrkesgrupper enn det mange trur. Fleire av framtidas medieyrke er truleg ukjende for oss i dag.

Redaksjonelle yrke, teknikarar og designarar

Dei vanlegaste redaksjonelle yrka innan nyheitsproduksjon er nyheitsjournalist, redaktør, vaktsjef og redigerar. Alle desse høyrer til under det vi kallar redaksjonelle yrke.

Men mange andre yrkesgrupper må også bidra for at nyheitene kan komme på trykk, på skjermen eller på lufta. Det dreier seg om alt frå filmfotografar, TV-produsentar og lydteknikarar til grafikarar, webdesignarar, animatørar og spelutviklarar.

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale