Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. MediebransjenChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
  5. Oversikt over journalistiske sjangrarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Oversikt over journalistiske sjangrar

Det finst mange ulike subjektive og objektive sjangrar, og det er ikkje uvanleg at ulike nemningar blir brukte om same sjanger. I tillegg er sjangrane i stadig endring.

Mann leser avis på ipad på trikken. Foto.

Nokre objektive sjangrar låner element fra subjektive sjangrar. Dei kallar vi hybridsjangrar. Døme på slike hybridar er feature-, magasin- og portrettsjangrar. Desse er bygde opp som objektive sjangrar, men journalisten er meir synleg til stades, i og med at han bruker mange sansar og litterære verkemiddel for å lage saka.

Hovudkategoriar

Sjangrar

Kjenneteikn

Subjektive sjangrar

Leiar

  • skrivast ofte av ein av redaktørane
  • er redaksjonen sitt syn på ei sak
  • står ofte på side 2 eller på ei eiga meiningsside

Melding

  • ein av journalistane si meining om ein ny film, bok, konsert e.l.
  • skal vere ei bruksrettleiing slik at målgruppa veit om produktet er noko for dei

Lesarinnlegg og kommentarfelt

  • lèt den enkelte mottakaren komme med synet sitt på ei sak
  • lesarinnlegg i avis erstatta med kommentarfelt på nett

Kommentar og kronikk

  • kan skrivast av ein i redaksjonen, men gjerne også av ein fagperson utanfor redaksjonen
  • skal gi djupnekunnskap om eit tema

Objektive sjangrar

Nyheitsartikkel

  • kort, konsis, svarer på grunnleggjande spørsmål
  • det viktigaste først
  • lèt kjeldene komme til orde

Nyheitsreportasje

  • går gjerne meir i djupna enn ein nyheitsartikkel
  • bruker fleire kjelder
  • har fokus på bakgrunn og årsak
  • journalisten er til stades

Intervju

  • enkelt oppsett med spørsmål og svar
  • blir gjerne brukt som ein del av ein nyheitsreportasje eller artikkel

Notis

  • kort nyheitsmelding som gir grunnleggjande informasjon om ei aktuell hending
  • gjerne berre 10–15 setningar

Hybridsjangrar

Feature

  • høyrer til i objektiv-kategorien, men journalisten bruker alle sansar og litterære verkemiddel
  • går i djupna, gir lesaren ei større forståing av eit tema

Portrettintervju

  • høyrer til i objektiv-kategorien, men journalisten bruker alle sansar og litterære verkemiddel
  • gir leseren djupnekunnskap om ein aktuell person i nyheitsbiletet

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale