Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medieuttrykk og mediesamfunnetChevronRight
  3. MediebransjenChevronRight
  4. JournalistikkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Subjektive og objektive sjangrar

Det finst mange journalistiske sjangrar. Det viktigaste skiljet går mellom subjektiv og objektiv journalistikk.

Journalist som skriver på data. Fotografi.
Journalist Birgitte Klækken på jobb i avisa Fædrelandsvennen

Det finst mange ulike journalistiske sjangrar, og det blir stadig utvikla nye. Nemningane på sjangrane flyt ofte over i kvarandre, avhengig av kven som nyttar dei, og om dei lagar saker for nett, avis, radio eller fjernsyn. Ordet reportasje er eit døme på det. Mens nokon meiner det tyder det same med orda sak og innslag, kan andre meine at ein reportasje skal ha ei bestemt oppbygging og vinkling.

Sjølv om omgrepa innan journalistiske sjangrar kan flyte over i kvarandre, er det ei rekkje vanlege hovudsjangrar vi må kjenne til. Vi byrjar med det enklaste: skiljet mellom subjektive og objektive sjangrar.

Subjektive sjangrar

I subjektive sjangrar kjem journalisten si eiga meining til synes. Døma på subjektive sjangrar er filmmeldingar, konsertmeldingar, kommentarar og leiarar. Desse sjangrane blir gjerne kalla argumentative. Det er fordi personen som lagar saka, kjem med sine eigne synspunkt på ei sak og argumenterer for det.

Eit anna omgrep ein bruker på subjektive sjangrar, er meiningsberande journalistikk. Det er fordi journalisten sine meininger kjem fram. Men det er ikkje berre redaksjonsmedlemmene som slepp til med subjektive sjangrar. Det er vanleg at både fagpersonar og folk flest slepp til med kommentarar eller meiningsytringar.

Subjektive sjangrar har ei anna visuell framstilling enn objektive sjangrar. I desse sjangrane er det fokus på den som har laga saka. Biletet og byline får gjerne stor plass for å vise at innhadet er knytt til ein bestemt person. I radio og fjernsyn får slike sjangrar ofte ein eigen vignett slik at det skal bli tydeleg for mottakarane at meiningene som kjem fram, er subjektive.

Objektive sjangrar

Det er vanleg å bruke omgrepet objektiv journalistikk om journalistikk som:

  • har fokus på meiningane til kjelda
  • lèt fleire partar komme til orde
  • dokumenterer påstander
  • ikkje gir uttrykk for avsendaren sine eigne meninger

Døme på objektive sjangrar er nyheitsmeldingar og notiser.

Dei fleste saker som blir publiserte av nyheits- og aktualitetsredaksjonar, er prega av objektiv journalistikk. Men det er viktig å hugse på at sjølv om journalistane freistar å vere objektive, så er det vanskeleg å få det til. Alle journalistar vil vere prega av sin eigen ståstad. Både val av kjelder, vinkling og oppbygging av saka kan føre til at resultatet ikkje blir heilt objektivt. Likevel er alle nyheitsredaksjonar einige om at det er viktig å skillje mellom subjektive og objektive sjangrar.

Kvifor er det så viktig? Svaret er at dersom redaksjonens sjåarar, lesarar og lyttarar skal ha tillit til at nyheitene som blir presenterte, er sanne, så er det viktig at dei lett kan skije mellom det som skal vere fakta, og det som er nokon si meining. Har ikkje publikum tillit til redaksjonen, så er heller ikkje produktet deira seljeleg.

Læringsressursar

Journalistikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale